Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten brei kunnskap om vitskapsgreinene leksikologi og leksikografi og ferdigheiter i teoretisk og praktisk arbeid innanfor dei to disiplinane.

Leksikologi eller ordkunnskap er vitskapen om ord sine betydningar og formelle eigenskapar. (I planen her omfattar «ord» òg fleirordsuttrykk.)

Leksikografi eller ordbokskunnskap handlar om korleis ordbøker er utvikla, oppbygde og brukte, og kan sjåast på som ei retning innanfor anvendt leksikologi.

Emnet skal gi studenten eit grunnlag for å gå inn i praktisk arbeid med utvikling og revisjon av ordbøker (primært norskspråklege).

Innhald:

Emnet er dels teoretisk, dels praktisk.

På det teoretiske planet lærer studenten om semantikken og grammatikken til ord og korleis ein gjer greie for dei i ordbøker.

På det praktiske planet får studenten øving i å bruke elektroniske ressursar som korpus i undersøkingar av leksikalsk semantikk og grammatikk, og i å utforme og revidere ordboksartiklar. Ein arbeider med både bokmål og nynorsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale leksikologiske og leksikografiske tema
  • har kunnskap om bruken av leksikologisk og leksikografisk teori i utgitte ordbøker og praktisk leksikografisk arbeid
  • har kunnskap om bruken av ordbøker

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskapen i undersøkingar pg drøftingar av dei semantiske og grammatiske eigenskapane ved ord og av skildringa av dei i ordbøker
  • kan nytte elektroniske ressursar i slike undersøkingar og drøftingar og i utforming av ordboksartiklar
  • kan skrive bokmål og nynorsk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere med eit allment publikum om ordbetydning og ordgrammatikk
  • kan formidle ordbokskunnskap til menneske av ulik alder og med ulike forkunnskapar

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og/eller haust, ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Studenten må meistre norsk bokmål og nynorsk godt og må kunne lese engelsk, dansk og svensk.

Studenten bør ha EXFAC00SP eller tilsvarande og i tillegg minst 30 studiepoeng språklege emne på 100-nivå (nordisk, framandspråk eller allmenn språkvitskap).

Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen, og det blir gitt enkeltemneopptak.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er førelesingar og seminar der ein arbeider med leksikologisk og leksikografisk teori, og praktiske øvingar der ein undersøkjer ord sin semantikk og grammatikk og formulerer utkast til ordboksartiklar.

Individuell rettleiing på utkast til obligatoriske oppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september / 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til oppgåvene i vurderingsmappa til fastsette fristar.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering med tre oppgåver. Éi oppgåve skal skrivast på bokmål, éi på nynorsk og éi på valfri målform.

Kvar oppgåve skal vere på rundt 2000 ord, og den samla lengda skal ikkje overstige 7000 ord. Nødvendige vedlegg og litteraturliste kan komme i tillegg.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester
Vår og/eller haust, ikkje fast. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege. Tekstane er på norsk og engelsk, eventuelt òg dansk og svensk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvar gong.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium