Fonologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LING121
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset gjev ei stutt innføring i sentrale fonetiske omgrep, og ei innføring i sentrale omgrep i funksjonell fonologi og i etter-strukturalistiske fonologiske teoriar (generativ fonologi, autosegmental fonologi og metrisk fonologi). Desse teoriane søkjer å gjere systematisk greie for samanhengane mellom systema av vokalar, konsonantar, trykk, tone og rytme i ulike språk.
Føremålet med emnet er å gi ei innføring i dei lydlege aspekta av menneskeleg språk, Emnet eignar seg godt for studentar som skal skrive fonologiske oppgåver innanfor eit språkstudium.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan...
- gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne fonologi
- omskrive viktige omgrep innan fonologi
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- vurdere og samanlikne fonologiske beskrivingar og reglar
- nytte metodar og omgrepsapparatet innan fonologi
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- bruke lingvistisk argumentasjon i samband med fonologiske fenomen
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med fonologiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er basert på førelesingar, 2 timar per veke.
Øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar kan kome i tillegg.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på tre timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.