Datalingvistiske modellar og bruksområde
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LING310
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar frå kunstig intelligens for utvikling av språklege modellar og bruksområde. Aktuelle emne innan modellering er t.d. maskinlæring og klassifiseringsalgoritmar på grunnlag av regelinduksjon, nevrale nettverk, næraste nabo, osb. Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.
Dette emnet eignar seg også for studentar i t.d. informasjonsvitskap og digital humaniora.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan ...
- gjengi prinsipp og metodar for modellering på lingvistiske kategoriar og språkprosessar
- gjengi prinsipp og metodar for digital prosessering av naturlige språk
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- bygge og teste modellar for språkprosessar og applikasjonar, basert på språklege data og eksisterande algoritmar
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- rapportere om ein modelleringseksperiment, inkl. oppsett, innhenting av data, val av verktyg, produksjon av resultater, tolkning og konklusjon
- kritisk vurdere nytten av modellar for innsikt i menneskeleg språkprosessering og for praktiske applikasjonar i samfunnet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva og litteraturliste minst ein veke i forkant.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåve som rapporterer om ei individuell modellerings- eller programmeringsoppgåve. Oppgåva skal ha ca. 5000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna).
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.