Lingvistikk mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- LING350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk eller Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan:
- gjengi og drøfte problemstillingar innan språkvitskap
- knytte desse problemstillingane til teoriar og tidlegare forsking
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa lingvistisk studie under rettleiing
- analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
- uttrykke sine resonnement om språkvariasjon skriftleg i form av ei masteroppgåve
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- analysere språkvitskaplege problemstillingar
- formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre lingvistiske uttrykksformer
- kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
- følge etiske retningslinjer og praktisere ansvarlig datahandtering der det er relevant
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit relatert arbeid.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og vurdert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Oppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Oppgåva må bruke terminologi, språkføring, sjanger, argumentasjon, tekstelement osb. som kan forventast av ein god artikkel i den språkvitskaplege tradisjonen.
Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.