Litteraturteori
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LITTIF200
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i fortolking- og diskursteori med eit innslag av ulike teoretiske retningar som har vore relevante for europeisk litteratur. Innhald: Studiet vil vere sett saman av eit utval litteraturteoretiske tekstar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Har grunnleggjande kunnskap om eit utval teoretiske retningar som har vore relevante for fortolkings- og diskursteori innan europeisk litteratur
- har kunnskap om forholdet mellom litteratur, samfunn, kultur, makt, kjønn og identitet
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte fagstoffet i eit mindre skriftleg arbeid
- kan problematisere og reflektere omkring korleis ulike teoretiske retningar eller skolar har tolka europeisk litteratur på ulike måtar
Generell kompetanse
Studenten
- kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i eit skriftleg arbeid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoffet.
- kan vidareutvikle kunnskapane, ferdigheitene og forståinga si av fagstoffet gjennom vidare studium.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Siste undervisningssemester vår 2024.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i fire veker. Det kan også bli aktuelt å organisere undervisninga i ei eller fleire blokker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Siste vurderingssemester vår 2025.
Litteraturliste
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret