Perspektiver på barn og familier i utsatte livssituasjoner

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studentane tileignar seg avansert teoretisk kunnskap om barn og familiar i utsette livssituasjonar, som spenner seg frå system-, kultur-, mangfald og ressursorienterte perspektiv, ned til teoriar om barns utvikling på individnivå.

Emnet skal formidla forståing for korleis barn og familiars kvardagsliv, levekår, ulikheit, og livserfaring påverkar liv og møte med hjelpeapparatet. Emnet skal og gje avansert kunnskap om samiske- og minoritetsbarns rett til eige språk, kultur, etnisitet og religion.

Innhald: Systemperspektiv, Kulturperspektiv, Ressursperspektiv, Mangfaldsperspektiv, Individperspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om risiko - og beskyttelsesfaktorar for utviklinga til barnet relatert til barnet, familien og samfunnet. Av dette skal studenten ha inngåande kunnskap om omsorgssvikt og korleis den oppstår og kjem til uttrykk i ulike former hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på barn og familiar i utsette livssituasjonar. Teoritilfanget spenner seg frå system-, kultur-, mangfald og ressursorienterte perspektiv - inklusive erfaringskompetanse/brukarkunnskap, ned til teoriar om barns utvikling på individnivå
  • har avansert kunnskap om barnevernets diskursar, historie og utvikling, og den samfunnsmessige konteksten barnevernet har utvikla seg i
  • har avansert kunnskap om korleis barn og familiars kvardagsliv, levekår, ulikskap, og livserfaring påverkar livet deira og møte med hjelpeapparatet
  • kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidrar til å sikra likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera, bruka og forholda seg kritisk til ulike teoriar, perspektiv, forskingsresultat og diskursar om barn og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan analysera relevante faglege problemstillingar og anvende tilegna kunnskap på eit avansert fagleg nivå
  • har avanserte ferdigheiter i akademisk skriving
  • kan analysera kva betydning kulturelle forskjellar, sosial ulikskap, samt levekår og buforhold har for hjelpebehov hos barn og familiar i utsette livssituasjonar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisera om analysar og konklusjonar ut frå eksisterande forsking og ulike perspektiv på barn og familiar i utsette livssituasjonar, både med spesialistar, interesseorganisasjonar og til allmenta.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UIB
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
Masterprogram i barnevernsarbeid ved UIB
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennom emnet vil det bli brukt ulike arbeids- og undervisningsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid og eigenstudie.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av skriftlege oppgåver
  • 75% deltaking i seminar
  • Vurderingsformer

    Gruppebasert mappevurdering av innleverte skriftlege oppgåver. Det blir gjeve éin karakter på mappa.

    Eksamen vert berre tillbydd i undervisningssemesteret

    MERK: Tekst generert av ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillatt i innleverte skriftlege arbeid undervegs og i eksamenar.

    Karakterskala
    Ved sensur av emnet brukar ein karakterskalaen A til F.
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret
    Emneevaluering
    Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
    Programansvarleg
    Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
    Emneansvarleg
    Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)