Masteroppgåve i barnevernsarbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Arbeidet med masteroppgåva skal utvikle studentane sine evner til kritisk tenkning og kvalifisere til vitskapelige arbeidsformer. Studenten skal handsame ein barnevernfaglig relevant problemstilling ved hjelp av vitskaplege metodar. Oppgåva kan omfatte ein vitskapeleg analyse av kvalitative data, kvantitative data eller forskingslitteratur. Arbeid med masteroppgåva skal gje studentane djupare innsikt i teori og forsking knytt til oppgåvas problemstilling.

Studentane vert oppmoda om å nytte eksisterande data. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med gjeldande standard for vitskapeleg forskingsformidling.

Det skal skrivast rettleiingskontrakt mellom student og rettleiar, samt instituttleiar. Rettleiingskontrakta spesifiserer studenten og rettleiaren sitt ansvar og sine rettar.

Studentane skriv masteroppgåva som regel parvis (sjå Vurderingsformer og Arbeids- og Undervisningsformer for meir informasjon). Ved samskriving av masteroppgåva skal det utarbeides ein samskrivingskontrakt mellom studentene.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten har

  • inngåande kunnskap om sentrale omgrep, teori og forsking relatert til tema for masteroppgåva
  • inngåande kunnskap om forskingsmetoden relatert til tema for masteroppgåva

Ferdigheiter

Studenten kan

  • systematisere, analysere, og presentere data på ein nøyaktig og oversiktleg måte
  • diskutere eigne resultat i høve til relevant teori og empiri og vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analysen for vidare forsking og/eller praksis
  • utforme ein akademisk tekst, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar i samsvar med APA-standarden

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • reflektere over forskingsetikk og forskarrolla i innsamling, bruk og tolking av data
  • vise kunnskap om etiske forhold rundt bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitat
  • halde seg oppdatert på nyere forsking

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

30 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UIB
Krav til forkunnskapar
For å ta emnet må alle tidlegare emner i studieprogrammet vere bestått. Studentene skal ha ein godkjent prosjektplan.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet krever studierett på masterprogrammet i barnevernsarbeid
Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva i barnevern skal være eit sjølvstendig arbeid under fagleg rettleiing. Rettleiinga blir gitt i grupper og/eller individuelt. Studentane skriv masteroppgåva parvis, men på særskild grunnlag kan studentar skrive enkeltvis. Kvar student skal ha ei arbeidsbelastning tilsvarande 30 stp.

Oppgåva følger ellers Retningslinjer for masteroppgåve ved masterprogram i barnevern.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve mellom 12 000 og 15 000 ord (ca. 40-50 sider), men kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Forord, samandrag, referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Studentane skriv masteroppgåva parvis, men på særskild grunnlag kan studentar skrive enkeltvis.

Oppgåve kan skrivast på norsk eller engelsk. Uavhengig av målform på oppgåva skal det skal vere eit samandrag på både norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord. Formkrav for oppgåva er spesifisert i Retningslinjer for master i barnevern.

Masteroppgåva skal vurderast som eit forskingsarbeid. Masteroppgåva blir vurdert av ein komité på to fagpersonar, éin skal vere ekstern og éin intern. Karakter vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet.

MERK: ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillatt i innleverte skriftlege arbeid undervegs og eksamenar.

Karakterskala
Ved sensur av emnet brukes karakterskalaen A til F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Individuell litteraturliste for kvar einskild masteroppgåve.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillatt i innleverte skriftlege arbeid undervegs og i eksamenar.
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Emneansvarleg
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Administrativt ansvarleg
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)