Vidareutdanning i ultralyd av muskelskjelettsystemet, Modul 1

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Kurset har som hensikt å utdanne og trene helsepersonell som fungerer som primærkontaktar, til å bruke og forstå diagnostisk ultralyd i muskelskjelettapparatet. I tillegg til å forstå ultralydanatomi skal studenten kunne framstille kvalitativt gode ultralydbilete av over- og underekstremitetar.

Innhald:

  • Innføring i ultralydfysikk
  • Demonstrere normalanatomi i over- og underekstremitetar
  • Korrekt bruk av ultralydapparatet og forståing for snittbilete og romtenking ut frå dei todimensjonale bileta.
  • Bruk av anerkjente algoritmar for framstilling av ultralydbilete i over- og underekstremitetar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studentene:

Kunnskaper:

  • Å kritisk reflektere over tolkningar av ultralydfunn og prinsipp for muskelskjelettultralyd i nyare litteratur.
  • Blitt gjort kjent med detaljert anatomi i over og under- ekstremitetar som hjelp i tolking av ultralydbilete.

Ferdigheiter:

  • Å danne hypotesar frå ultralydbilete av normal anatomi i øvre og nedre ekstremitetar.
  • Framstille ultralydbilete av normalanatomi av god kvalitet som kan bidra til å forstå patologi og val av vidare behandlingstiltak.

Generell kompetanse

  • Ha kjennskap til normalitet for å kunne utvikle hypotesar ved avvik, om diagnostikk og behandlingstiltak.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Institutt for Global helse og Samfunnsmedisin
Krav til forkunnskapar
Manuellterapeutar, legar og kiropraktorar med primærkontaktstatus.
Arbeids- og undervisningsformer

Modul 1 består av forelesingar, seminar og praktisk trening i bruk av ultralydapparat. Modulen består av 2 undervisningssamlingar, på høvesvis 2 og 3 dagar, i starten av semesteret.

Den første samlinga består av praktisk trening med ultralydskanning og introduksjon til skanneprotokollar.

Den andre samlinga består av trening på demonstrasjon av normal ultralydanatomi. Dette gjev 35 timar undervisningstid.

Etter dette skal studenten gjennomføre sjølvstudium av litteratur og praktisk trening på eigen arbeidsplass. Dette gjev 265 timar lærlingstid. Det er derfor ein føresetnad at studenten har tilgong til ultralydapparat på arbeidsplassen.

Totalt 300 timar læreaktivitet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga er obligatorisk.

Munnleg framlegging av litteraturanalyse.

Vurderingsformer

Modulen blir avslutta med praktisk eksamen på slutten av semesteret. Praktisk eksamen med 4 godkjente ultralydundersøkingar, 2 på under- og 2 på overekstremitetar.

Skriftleg eller munnleg rapport av kvar undersøking skal lagast og godkjennast. Studenten skal kunne gjøre greie for aktuell ultralydfysikk, relevant forskning og fordeler ulemper ved bruk av ultralyd i forhold til andre modalitetar på over- og underekstremitetar.

Praktisk eksamen ved 1 modul. Bestått/ ikkje bestått.

Estimert tid for gjennomføring av eksamen er 90 minuttar.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Litteraturliste
  • McNally. Practical Musculoskeletal Ultrasound, 2.Ed.
  • Kurshefte utarbeidet av Peter Resteghini, PhD.
  • Det vil bli gjeven litteratur i Leganto, og online video-opptak i MittUiB som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.