Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Grunnleggande kognitive funksjoner som persepsjon, kategorisering, orientering og tenking står fram som nettopp det: grunnleggande for alle. Men er dei det? Dette emnet gir innsikt i:

  • i kva grad kunnskap og kognitive ferdigheiter er avhengige av oppvekst i eit samfunn rikt på sosiale interaksjonar og konvensjonar
  • på kva måte kognitive konsepter og prosesser er prega av språk og kultur
  • og korleis kognitive aktivitetar og verktøy har blitt forma - og fortsatt formast - i samevolusjon med nettopp språk og kultur

For å belyse faktorar som påverkar menneskeleg kognisjon tar kurset ein tverrfagleg tilnærming til både korleis vi forstår fundamentale kognitive domener (som rom, tid og kausalitet) og korleis vi handlar i meir komplekse situasjonar og overfor naturen og miljøet. Desse innsiktene er svært relevante overalt der menneskjer vurderer omverden og tek avgjerder, både i sine daglege liv og i store internasjonale samanheng. I kurset vil vi difor også diskutere kva for konsekvensar kognitivt mangfald kan ha for å takle nokre av dei store utfordringane samfunnet står ovanfor.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • forstår grunnlaget for å forske på fenomen knytt til kognitivt mangfald på tvers av kulturar, språk og tid
  • har greie på og bruker forståingsrammer for kognitiv representasjon og handsaming, for korleis kultur og språk verkar på menneskeleg kognisjon og for korleis det ble forma gjennom menneskeleg evolusjon
  • har kjennskap til metodar som blir brukt for å måle og kartleggje fenomen knytt til kognitivt mangfald på tvers av kulturar, språk og tid

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan reflektere over forskingsproblem innanfor kognitiv psykologi
  • kan utvikle og vurdere forskingsdesign for å belyse fenomen knytt til kognitivt mangfald på tvers av kulturar, språk og tid
  • kan reflektere over og drøfte ulike perspektiv på kognitivt mangfald og vere i stand til å vurdere forskingsarbeid som er gjort på området

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bidra til nytenking innan forsking på menneskeleg kognisjon og kan kommunisere forskingsfunn for eit akademisk publikum

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Studentar ved andre masterprogram og utvekslingsstudentar på masternivå kan også søke om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar.

Seminara vil innebere utdjuping av nyttingsområder og diskusjon.


Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Emnet blir vurdert som bestått eller ikkje-bestått basert på ei mappe-vurdering av 3 innleverte oppgåver.
Karakterskala
Bestått /Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet