Risikopersepsjon og miljøåtferd

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet tek utgangspunkt i to anvendte tema som studerast innanfor sosial- og kognitiv psykologi: (1) risikopersepsjon og (2) holdingar og åtferd knytt til miljøproblem. Dette er store fagfelt der sosial-kognitive teoriar vert nytta til å svare på aktuelle samfunnsutfordringar knytt til for eksempel miljøskadeleg åtferd eller oppfatta terrorrisiko. Samtidig bidreg forsking på desse fagfelta til teoriutvikling innanfor sosial- og kognitiv psykologi.

Gjennom detaljert presentasjon av anvendt forsking på risikopersepsjon og miljøåtferd i ulike kontekster vil emnet gje ein fordjuping i korleis sosial-kognitive fenomen som sjølvoppfatningar, haldningar, motiver, tankar, emosjonar og av kontekst verkar på kvardagslege val. Emnet vil blant anna fokusere på korleis ein kan måle subjektiv risiko, på risikovurdering og bekymring knytt til samfunnsutfordringar, på psykologiske og sosiale faktorar som kan påverke miljøåtferd, og på kvifor det kan oppstå ein diskrepans mellom haldningar og åtferd.

Kunnskap om disse tema er ein forutsetning for å kunne påverke risikorelatert åtferd og for å kunne legge til rette for utvikling av meir miljøvennleg åtferd. Nytting av sosial-kognitive teoriar i forskjellige kontekster gjer også ein innfallsport til å forstå generelle trekk ved menneskeleg åtferd og kognisjon på ein ny måte. Eit av dei anvendte fokus vil normalt være turistoppleving, som for eksempel risikopersepsjon knytt til ulike reisemål, eller miljøvennleg reiseåtferd, men her kan der i enkelte år førekomme avvik.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • Har kunnskap om sosial-kognitiv forsking på risikopersepsjon og miljøåtferd i ulike kontekster
  • Veit korleis psykologiske teoriar og metodar kan nyttast for å kaste lys over åtferd og haldningar knytt til miljøproblem og risikopersepsjon
  • Har kunnskap om psykologiske og sosiale faktorar som påverkar miljøåtferd og risikopersepsjon
  • Har kunnskap om metodar som blir brukt for å kartlegge og måle sosial-kognitive fenomen

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan reflektere over forskingsproblem innanfor sosial- og kognitiv psykologi
  • Kan utvikle og kritisk vurdere forskingsdesign som belyser sosial-kognitive fenomen
  • Kan diskutere korleis sjølvoppfattingar, haldningar, motiver, tankar, emosjonar og konteksten kan påverke risikopersepsjon og miljøåtferd

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan drøfte styrker og svakheiter ved forskingsdesign på temaområdet
  • Kan søke opp og kritisk vurdere forskingslitteratur på temaområdet

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar i eit omfang av omlag 18 timer. Seminara vil bestå av utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
2-dagars individuell heimeeksamen med rundt 3.000 ord. Oppgåva skal vere i tråd med APA-standarden, og med enten halvanna eller dobbel linjeavstand. Mindre figurar og tabellar bør plasserast inne i teksten heller enn på slutten.
Karakterskala

A-F


Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel tillate
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet