Algebraisk geometri III

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet er ei innføring i knippekohomologi, samt algebraiske kurver og flater innanfor algebraisk geometri.

Innhald:

Emnet gir ein innføring i teorien for knippekohomologi brukt på skjemaer, til dømes Cech-kohomologi og Serre dualitet, samt grunnleggjande teori om algebraiske kurver, som Riemann-Roch teoremet, Riemann-Hurwitz teoremet, Cliffords teorem, embeddingar i projektive rom, og om algebraiske flater, som interseksjonsteori, Riemann-Roch-teoremet og oppblåsingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan definere og nytte grunnleggjande omgrep og konstruksjonar og kjenner viktige resultat i algebraisk geometri knytta til knippekohomologi, algebraiske kurver og flater, samt morfismar mellom desse
  • kan analysere skjema og morfismar ved hjelp av knippekohomologi
  • kan framstelle hovedideane i provene for dei viktigaste resultata knytta til omgrepa ovanfor.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte dei fundamentale verktøy som er viktige i mange problem i moderne algebraisk geometri
  • er i stand til å produsere korte prov for utsegn i algebraisk geometri
  • har solid røynsle og trening i å resonnere med abstrakte matematiske strukturar

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å lese ein forskningsartikkel i algebraisk geometri uavhengig (med litt innsats)
  • er i stand til å følgje introduksjonen i eit forskningsseminar i algebraisk geometri
  • er i stand til å følgje eit seminar i algebraisk geometri retta mot eit breiddt publikum

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig, sjekk om det finnes informasjon under «Timeplan» på rett semester etter 1. juni/1. desember.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MAT322: 10 ECTS
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@math.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.