Åttande semester medisinstudiet
Masteremne
- Studiepoeng
- 27
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MED8
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Første gong det var undervisning i dette emnet var våren 2017.
Semesteret er delt i to:
1. Teoretisk og praktisk undervisning i Bergen (9 veker) i fagområda:
- Plastikkirurgi og småkirurgi
- Nyrer/urinvegar, del 2
- Endokrinologi, del 2
- Blod, del 2
- Hud
- Patologi
Det vert også eit kurs i reseptlære.
2. Praksis ved samarbeidande sjukehus på Vestlandet (8 veker) med vekt på indremedisin, kirurgi, røntgen og anestesi.
Hensikta med utplasseringsperioden i Førde/Haugesund/Stavanger er at studentane skal lære gjennom praktisk pasientnær klinisk erfaring og undervisning. Studentane skal få trening i å kommunisere med pasientar og pårørande, klinisk undersøking, vurdering av symptom og funn, differensialdiagnostiske vurderingar og i å føreslå utgreiing og behandling. Mest mogeleg av læringa skal skje ved å ta aktivt del i dei daglege rutinane i sjukehuset.
Den siste veka i semesteret er avsett til munnleg eksamen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter gjennomført semester har studenten:
- innsikt i symptom, funn, diagnostikk, behandling og oppfølging ved vanlege akutte og kroniske sjukdomar og skadar for fagområda i semesteret
- innsikt i korleis ein basert på det systematiske journalopptak (klinisk evaluering) stiller diagnose/differensialdiagnose og lagar plan for utgreiing og behandling av individuelle pasientar
- innsikt i indikasjonar for vanlege biokjemiske prøvar, patologiske undersøkingar og radiologiske undersøkingar for fagområda i semesteret
- innsikt i grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i semesteret
- innsikt i indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i semesteret
Ferdigheitar
Etter gjennomført semester kan studenten:
- utføra fullstendige og systematiske journalopptak med anamnese og klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom og skade i fagområda i semesteret
- diagnostisera og behandla vanlege sjukdomar og skadar i fagområda i semesteret
- gje informasjon til pasientar og pårørande om dei vanlegaste sjukdomane og dei aktuelle behandlingsalternativa i fagområda i semesteret
Generell kompetanse
Etter gjennomført semester kan studenten:
- opptre profesjonelt og med respekt i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
- presentera medisinsk informasjon strukturert, logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande
- om kommunikasjon, teamarbeid og organisering ved akuttmedisinske situasjonar
- om organisering av samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert i studiet varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), klinisk undervisning med pasient, kliniske smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis på utplasseringssjukehus og på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.
Informasjon finnes på Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk deltaking på all undervisning med pasient, gruppeundervisning og praktiske kurs. Deltaking på TBL er obligatorisk.
Praksisopphald på samarbeidande sjukehus i Førde, Haugesund eller Stavanger er ein del av det obligatoriske studieopplegget, og står for mykje av den pasientnære undervisninga.
Etter reseptlærekurset vil det verte gjennomført ein MCQ-test samt oppgåver der studentane skal skrive reseptar til oppgitte kasuistikkar.
Det vil verte nytta tenestekortregistrering av all obligatorisk aktivitet på utplasseringssjukehus og i Bergen.
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til skriftleg og munnleg eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:
- Digital skriftleg eksamen som varer i 5 timar og består av MCQ-spørsmål og kortsvarsspørsmål. Eksamenen er i innhald fordelt etter studiepoeng for kvart fagområde.
- Munnleg eksamen: Alle skal opp til munnleg eksamen. Det er ein eksamen på 30 minutt med pasient/case frå eit av fagområda i semesteret.
Det vert gitt ein samla karakter for semesteret, der skriftleg eksamen tel 75% og munnleg 25%.
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til skriftleg og munnleg eksamen.