Åttande semester Vestlandslegen Stavanger
Masteremne
- Studiepoeng
- 24
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEDSTAV8
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap
- Avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor indremedisinske og kirurgiske faga og nevrologi inkl. rehabilitering.
- Kunnskap om kva slags pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva for nokre pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta
- Kunnskap om spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor nevrologi, onkologi og dei indremedisinske og kirurgiske faga ¿ Kunnskap om moglegheiter og tiltak for rehabilitering av pasientar med sjukdomar innanfor nevrologi, onkologi og dei indremedisinske og kirurgiske fag
- Kunnskap om grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i studieåret ¿ Kunnskap om indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i studieåret
- Kjenne til førekomst, kontaktsymptom og allmennlegens diagnostiske prosess for vanlege symptom og tilstandar innan fagområde undervist i same tidsrom
Ferdighet
- Kan anvende faglig kunnskap om, og sjølvstendig utføre målretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom innanfor, fagområda i studieåret ¿ Kan anvende faglig kunnskap om, og diagnostisere og behandle, vanlege sjukdomar og skadar innanfor fagområda nevrologi og dei indremedisinske og kirurgiske faga
- Initiere og delta i faglig samhandling med andre personellgrupper inkludert kommunisere godt med ulike nivå i helsetenesta
- Kan anvende strukturert tilnærming til etiske problemstillingar knytt til diagnostikk og behandling av pasientar med alvorleg sjukdom ¿ Kan sjølvstendig gjennomføre legemiddelgjennomgang, samstemming og interaksjonssøk for legemidler
- Presentere medisinsk informasjon strukturert , logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng, samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande
Generell kompetanse
- Stiller seg på en fagleg korrekt og empatisk måte til menneske med sjukdom
- Forstår den praktiske tydinga av ulike symptom og utfall knytt til sjukdom
- Har innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk og behandling av pasientar med alvorleg sjukdom
- Har innsikt i, og utviklar haldningar som skapar kontakt, tryggleik og tillit I lege-pasient forhaldet
- Har innsikt i organiseringa av helsevesenet og lage gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper
- Kan korrigere kliniske ferdigheter og adferd basert på tilbakemelding samt gi konstruktiv tilbakemelding til andre
- Har innsikt i pasientrettigheiter ¿ Forstå dei grunnleggande forskjellane i legearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta, og innsikt i allmennlegen sin delte forvaltningog behandlarrolle
- Opptrer profesjonelt, og med respekt, i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Det vil bli nytte vurderingsmappe i Mitt UiB med kunnskap-, ferdighet- og praksisvurderingar og formative vurderingar frå undervisning og ferdighetstrening. Mappe vil innehalde oppgåver frå praksis og kasusbeskrivingar gjort i løpet av heile emne. Det vil bli gitt vurderingar i form av MCQ, vurdering av kommunikasjon og kliniske ferdigheter (td. Mini-CEX) og korteller langsvarsoppgaver. Helse Vest sin læringsportal kan bli nytta til vurderingar. Alle fag og prakisperioden i både kirurgi og indremedisinske fag vil ha si undermappe i hovudmappe for emnet. Det vil bli lagt inn vurderingspunkt i alle fag og obligatoriske vurderingspunkter i alle fag må vere godkjend før sluttvurdering. Det vil bli gjort halvvegsvurderinger i praksisperioden.