Introduksjon i fotografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet gir grunnleggjande kunnskap om fotografi og utforskar utviklinga av praksis i relasjon til disiplinen.

Du blir introdusert for historiske og moderne referansar og får moglegheita til å eksperimentere med fleire teknikkar, metodar og material. Praktiske oppgåver utgjer hovuddelen av emnet.

MEME-emna er utforma for å eksponere deg for innleiande ferdigheiter og prosessar og gje verkstadtilgang til dei ulike fokusområda på Kunstakademiet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • Få ei breiare kjennskap til disiplinens historie, kontekst og materialtilnærmingar
  • Identifisere materialpreferansar

Ferdigheiter

  • Eksperimentere med teknikkar og material som er grunnleggjande for tekstildisiplinen
  • Nytte spesialverktøy og utstyr sjølvstendig, trygt og kompetent

Generell kompetanse

  • Syntetisere metodar og teknikkar i skapinga av eit kunstverk
  • Reflektere kritisk over ditt eige arbeid og prosess, så vel som arbeidet til medstudentar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
None.
Krav til studierett

Dette emnet har krav til studierett i Bachelorprogrammet i kunst og tilbys studenter i sitt første semester.

Studenter i første semester i masterprogrammet i kunst kan også søke opptak til emnet, men opptaket til emnet vil prioritere bachelorstudenter.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Øving og arbeid i verkstad
  • Prosjektutvikling
  • Førelesingar og presentasjonar
  • Gruppediskusjonar og rettleiingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Dette spesifiseres av emneansvarlig i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Fagkunnskap

Eksperimentering

Samarbeid og/eller sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år ihht. til UiBs kvalitetssystem
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet