Det globale medielandskapet
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MEVI301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal tileigna seg avansert og oppdatert kunnskap om fagfeltet internasjonal kommunikasjon og globale medium med særleg fokus på det 21. hundreårets medie- og kommunikasjonsindustri.
Emnet sporar den formative utviklinga av eit internasjonalt og globalt medielandskap gjennom det 20. hundreåret frå telegrafen, eksport av film og fjernsynsprogram, og transnasjonale fjernsynskanalar til Internett, og fokuserer deretter på utviklinga i det 21. hundreåret. Dette inkluderer: digitaliseringa av den globale medie- og kommunikasjons-sektoren; smarttelefonen og plattformer; framveksten av globale nettbaserte medium og tenester; produksjon og distribusjon av digitalt medieinnhald; mediepublikum og utnytting av brukardata; samt kunstig intelligens si framvekst og rolle i mediesektoren. Geopolitiske endringar og dynamikken mellom det globale, regionale, nasjonale og lokale i medielandskapet står sentralt.
Emnet viser korleis utviklinga i det globale medielandskapet kan forståast gjennom teoretiske perspektiv og tradisjonar knytt opp mot: makt, innverknad og dominans; mediepublikum og mediebruk; globalisering; sosial, berekraftig og demokratisk utvikling; og dessutan geopolitiske endringar, i ein global kontekst.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om den sentrale kunnskapsskaplegen til fagområdet teoretiske tradisjonar, perspektiv og omgrep.
- kan analysera faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, og eigenart.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera og vera kritisk til ulike informasjonskjelder og nytta desse i å strukturera og formulera faglege resonnement.
- kan vurdera, utgreia og nytta sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv innan fagområdet, og arbeida sjølvstendig med problemløysing.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidla eige arbeid og forskinga til andre på fagområdet, og meistra uttrykksformene til feltet.
- kan raskt setja seg inn i programstillingar, og vurdera og setja seg inn i ny fagkunnskap.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen består av to deler.
- Rettleia emneoppgåve, omfang om lag 5000 ord. Tél 60 prosent av samla karakter.
- Munnleg individuell eksamen. Tél 40 prosent av samla karakter
Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.