Strategisk kommunikasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ei historisk, teoretisk og institusjonell forståing av strategisk og politisk kommunikasjon, særleg sett i høve til førestillingar om deliberativt demokrati». Emnet gjev også analytisk og praktisk innsikt i korleis strategisk kommunikasjon vert utøvd. I tillegg til generell forståing av strategisk kommunikasjon tilbyr emnet fordjuping innan eit særleg perspektiv på eller område for strategisk kommunikasjon. Denne fordjupinga kan dreia seg om medborgarkommunikasjon, kampanjekommunikasjon, politisk kommunikasjon, taleskriving eller til dømes tilhøvet mellom strategiske kommunikatørar og journalistar. Fordjupinga kan også handsama særlege felt (som strategisk utforming av mediepolitikk eller medieinstitusjonar sin strategiske kommunikasjon) eller særlege perspektiv (som etikk eller effekt). Emnet inneber praktisk arbeid med utvikling av ei strategisk ytring, kommunikasjonsplan eller liknande.

Bemerk at mye av undervisniningen på årets utgave av emnet vil føregå på engelsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjera greie for teoriar om påverknad og strategisk kommunikasjon
  • kan gjera greie for den politiske og strategiske kommunikasjonen sin plass innan samfunn og demokrati
  • kan gjera greie for og nytta forskingsmetodar som analyserer korleis menneske og organisasjonar påverkar og overtyder

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tenkja retorisk og laga praktiske opplegg for strategisk kommunikasjon
  • kan utarbeida og framføra overtydande presentasjonar
  • kan bidra med rådgjevingskompetanse i strategisk kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapane sine til å forstå retoriske situasjonar og setja seg inn i strategiske kommunikasjonsutfordringar
  • kan bruka ferdigheitene sine til å analysere, formidla og rettleia i møte med slike situasjonar og utfordringar
  • kan bruke kunnskapene og ferdighetene sine til å identifisere og ta stilling til etiske problemstillinger, samt til å reflektera over spørsmål om politisk og strategisk strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Bygger på MEVI104. Studentar som ikkje har MEVI104 blir tilrådd å sette seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
MEVI349 (15 sp)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og/eller seminar.

Studentpresentasjonar inngår vanlegvis som en del av undervisninga

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret må studentane gjennomføre presentasjoner i plenum.

Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av tre deler.

  1. Utarbeiding av ei praktisk strategisk oppgåve (e.g. strategisk ytring, kommunikasjonsplan eller liknande).
  2. Munnleg presentasjon av den praktiske oppgåva.
  3. Rapport om den praktiske oppgåva.

Del 1 og 2 tél 25 prosent kvar i eksamensvurderinga. Del 3 tél 50 prosent

Eksamen kan vere gruppebasert eller individuell. Gruppebasert eksamen har to modellar ein kan velje mellom. Ein kan gjennomføre alle tre delene som grupper. Eller ein kan gjennomføre del 1 og 2 som gruppe og del 3 som ein individuell oppgåve.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vurdering berre i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.