Introduksjon til media og kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Våre liv og våre samfunn er gjennomsyra av media. Få område er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. Dette emnet introduserer medier og kommunikasjon som eit fagfelt i skjeringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medias rolle for populærkultur, identitet, politikk, sosiale nettverk, eller medier og makt, og vise korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla. Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga inkluderer forelesningar, seminar og temadagar og praktiske oppgåver i medieproduksjon. Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om modellar og perspektiv på forholdet mellom avsendarar, medietekstar og mottakarar i ein kommunikasjonsprosess.
  • har kunnskap om medievitskapen si plassering mellom humaniora og samfunnsvitskap, samt kunnskap om samfunnsvitskaplege og humanistiske teoriar og fagtradisjonar
  • har kunnskap om akademisk skriving, med spesielt fokus på oppgåveoppsett og referanseteknikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruka sentrale medievitskaplege teoriar og omgrep
  • kan bruka samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv på medievitskaplege problemstillingar
  • kan skriva akademiske tekstar og brukar relevante referanseteknikkar

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Studentar på årsstudium i medier og kommunikasjon og bachelorprogram i medier og kommunikasjon vert prioritert. Andre studenter kan søke instituttet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og temadager.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i seminargrupper (80%) 
  • Godkjende utkast til dei to oppgåvene i mappeeksamen: metodeoppgåva og analyse/drøftingsoppgåva.
  • Godkjent seminaroppgåve. Denne kan vera både skriftleg eller munnleg, og kan romma praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. 

Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:

  • Metodeoppgåve (1/3 av mappa)
  • Analyse- eller drøftingsoppgåve (2/3 av mappa)

Metodeoppgåva vil vera på 1200 ord (+/- 10%). Analyse- eller drøftingsoppgåva vil vera på 4000 ord (+/- 10%). 

Mappeinnleveringa er individuell.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisninssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.