Medieteknologi: teori og utvikling
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MIX301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er eit introduksjonsemne til masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign. Målet med emnet er å gi studentane kritisk og kreativ kunnskap om avanserte medieteknologiske konsept og system.
Undervisninga i dette emnet vil fokusere på eit teknologisk konsept (til dømes visualisering, kunstig intelligens, eller 3D-modellering) som vil fungere som eit case gjennom semesteret. Studentane skal fordjupe seg i og diskutere teknologifilosofi som setter den utvalgde teknologien i ulike perspektiv, og dei skal utforske og eksperimentere praktisk med den aktuelle teknologien med mål om å utvikle nye applikasjonsområder for denne.
Gjennom teoretisk innsikt skal studentane bli i stand til å utfordre måten man nyttar teknologien på i dag, og gjennom praktiske øvingar knytt opp til moderne metodar for programvareutvikling vil studentane bli i stand til å designe og utvikle nye måtar å nytte den aktuelle teknologien på.
Emnet er workshopbasert, og workshoppane integrerer teori og praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- Kan anvende konsept og prinsipp, knytt til teknologifilosofi, mediedesign, interaksjonsforsking og innovasjonsteori til kritisk diksusjon og analyse av medieteknologiar.
- Har spesialisert kunnskap om berekningstenking og programvareutvikling knytt til eit særleg medieteknologisk konsept.
Dugleikar
Studenten
- Kan analysere medieteknologi med fokus på korleis design verker inn på interaksjon og brukaroppleving.
- Kan identifisere og diskutere problemstillingar og utfordringar for design av medieteknologi i dag, med fokus på interaksjon.
- Kan velje hensiktsmessige verkty og teknikkar for programvareutvikling.
- Kan vurdere dei sosiokulturelle implikasjonane knytte til interaktive media og brukargenerert innhald
Generell kompetanse
Studenten
- Kan med utgangspunkt i ein valt teknologi utføre sjølvstendig utviklingsarbeid.
- Kan planleggje og utføre eit prosjekt innan programvareutvikling i samband med andre.
- Kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan brukaroppleving, mediedesign og interaksjonsdesign for media
- Kan kommunisere om faglege teoretiske og praktiske knytt til medieteknologi og mediedesign, med særleg fokus på interaksjon.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er fire obligatoriske aktiviteter:
- Gje ein 10 minutt munnleg presentasjon der dei diskuterer case-teknologien med utgangspunkt i eit av dei teoretiske perspektiva.
- Levere skriftleg spesifikasjon til ei prototype.
- Demonstrere ei delvis fungerande prototype.
- Gjennomføre quizar frå forelesingane.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Eksamen i to delar:
- Individuelt essay på 1000 ord som dokumenterer diskusjonane frå quizzane frå kurset. (20%)
- Individuelt akademisk essay på 6000 ord der studenten brukar teori for å kaste lys over utviklinga av prototypa. (80%)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.