Realfagdidaktisk forskningsmetode og kritisk lesning av forskningslitteratur
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MNF367
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek opp sentrale trekk ved kvalitative og kvantitative forskningsmetodar som blir brukt innan utdanningsforsking. Dette inkluderer førmåla med forskinga (hypotesetesting - forklare og forstå interaksjonar i undervisninga), metodiske tilnærmingar (eksperiment, statistikk, kasusstudie, teksttolking), samt validitet og gyldigheit. Studentane skal etter fullført emne vere i stand til å krititisk vurdere kvalitative og kvantitative forskingsdesign og til å utvikle egne forkingsidear.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan skildre sentrale trekk ved kvantitative og kvalitative forskingsmetodar i realfagsdidaktikk: spørjeundersøkingar, ulike intervjutypar, dokumentanalyse, samt metastudiar, systematiske rewiew, observasjonsstudiar og kvasi-eksperiementelle studiar
- kan forklare grunnleggjande statististiske metodar i realfagsdidaktisk litteratur
- kan drøfte potensielle feilkilder og moglegheiter for feiltolking av forsking relevant for realfagdidatikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan fokusert og systematisk utforske realfagdidaktisk forskingslitteratur, bruke relevante databasar og sette seg inn i sentrale forskingsresultat
- kan vurdere kritisk styrker og svakheiter ved realfagdidaktisk forskingslitteratur
- kan kritisk vurdere påstandar om læring og undervisning i realfag, og analysere bakgrunnen for påstandane
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke forskingslitteratur til å vidareutvikle si forståing for læring og undervisning
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum 200 studiepoeng ved lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk ved UiB, eller tilsvarande utdanning etter godkjenning.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til lektorprogrammet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av:
- Seminar
- Lesing av forskingslitteraturen
- Førebuing til og aktiv deltaking på seminara
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatoriske aktivitetar.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Mappeeksamen med tre oppgåver: kritisk vurdering av to artiklar i realfagsdidaktikk, ein kvalitativ og ein kvantitativ.
- Drøfting av eit sjølvvalt emne knytta til utvikling av forskingsdesign med relevans for fagdidaktisk masteroppgåve.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og vår. Vurdering i vårsemesteret er kun etter avtale med masterveileder.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Lærerutdanningsitvalget har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for emnet.