Kollegialt lærarkurs for naturvitskap og matematikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ei gruppe undervisarar/tilsette som deler et sosialt fellesskap (emne, institutt, program eller liknande) høve til å saman å fordjupe seg i pedagogiske problemstillingar som er relevante for deira eigen undervisingspraksis eller arbeid med undervising, læring og utdanning.

Emnet introduser relevante tema og konsept innan læring og undervising som støttar utvikling av dine undervisingsferdigheiter. Det vert lagt vekt på å lese, diskutere, dokumentere og reflektere over relevante pedagogiske tema knytt til undervising og læring i matematiske og naturvitskaplege fag. Aktivitetane i emnet skal gje deltakarane eit felles pedagogisk språk, skal støtte kollegiale refleksjonar og ei forskingsbasert tilnærming til undervising og læring. Emnet krev ikkje tidlegare universitetspedagogisk eller utdanningsfagleg bakgrunn, og både erfarne og nye undervisarar/tilsette kan ta emnet.

Hovuddelen av emnet er eit SoTL*-prosjekt gjennomført i grupper. Prosjektet skal adressere eit tema som er relevant for deltakarane sin eigen undervisingspraksis og -situasjon. Det endelege produktet kan vere ein prosjektrapport, ein artikkel retta mot publisering i eit pedagogisk/utdanningsfagleg tidsskrift, eller eit bidrag til ein læringskonferanse - i tillegg til en munnleg presentasjon.

*SoTL = Scholarship of Teaching and Learning. Ei kollegial og vitskapleg tilnærming til undervisings og læring.

Læringsutbyte

Deltakarane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

  • Kunne analysere utvalde pedagogiske problemstillingar med utgangspunkt i kunnskap om studentane si læring og eigen undervisingspraksis

Ferdigheiter

  • Kunne delta i ein kollegial pedagogisk diskusjon forankra i relevant litteratur og dokumentasjon saman med kollegaer (kritiske vener)
  • Kunne presentere resultat av eit pedagogisk prosjekt, med kollegaer på universitetet som målgruppe
  • Kunne utvikle pedagogiske alternativ til bruk i eiga undervising, og argumentere for positive effektar på studentane si læring

Generell kompetanse

  • Vise ei forskande tilnærming i si pedagogiske verksemd

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Tilsette ved MN-fakultetet som jobbar med undervising og utdanning

Undervisningssemester

Uregelmessig. Neste gong haust 2024-vår 2025.

Emnet går over to semester, normalt med oppstart haust. Annonsering av emnet, men påmeldingsfrist, vil blir gjort til relevant målgruppe i god tid før emneoppstart.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Tilsette ved MN-fakultetet som jobbar med undervising og utdanning
Arbeids- og undervisningsformer
Hovuddelen av emnet er prosjektarbeid i gruppe som omhandlar ei problemstilling som skal er pedagogisk relevant for deltakarane. Det endelege produktet kan vere ein prosjektrapport, ein artikkel retta mot publisering i eit pedagogisk/utdanningsfagleg tidsskrift, eller eit bidrag til ein læringskonferanse, i tillegg til ein munnleg presentasjon. Emnet har 5 seminar der gruppene får støtte i arbeidet med prosjektet. I tillegg til prosjektarbeidet kjem litteraturstudiar, innleveringsoppgåver og tilbakemelding på undervisingsportefølje.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på seminar (minimum 75 % deltaking).
  • Litteraturstudiar (lese- og skriveoppgåver).
  • Prosjektarbeid (i grupper).
  • Skrive og gje tilbakemelding på undervisingsportefølje.
  • Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Deltaking på seminar.
    • Godkjende innleveringar (skriftleg).
    • Godkjend prosjektoppgåve og presentasjon.
    Karakterskala
    Godkjent/ikkje godkjent
    Vurderingssemester
    Uregelmessig
    Litteraturliste
  • Biggs, J. & Tang, C. (2011), Teaching for Quality Learning at University, 4th ed, The Society for Research into Higher Education.
  • Handal, G. (1999), Consultation Using Critical Friends, New Directions for Teaching and Learning, 76, pp 59-70.
  • Og annen relevant litteratur for å fullføre prosjektet.
  • Emneevaluering
    Emnet blir evaluert av deltakarane kvar gong det vert undervist.
    Emneansvarleg
    Professor Sehoya Cotner og Seniorrådgiver Oddfrid Førland
    Administrativt ansvarleg
    SERC i samarbeid med MatNat og BIO