Molekylær cellebiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi detaljert forståing av eukaryote celler med spesiell vekt på funksjonane til subcellulære strukturar og reguleringsmekanismar involvert i cellekommunikasjon og celledeling.

Innhald:

Emnet tar opp tema som proteinsekresjon, endocytose, cytoskjelett, intracellulær transport, cellekommunikasjon, celleadhesjon, cellevev, cellesyklus, apoptose, nervesignalisering, stamceller og kreft. Det blir lagt vekt på molekylær og eksperimentell forståing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan greie ut om sentrale funksjonar i cella og korleis dei er knytt til subcellulære strukturar.
  • kan skildre sortering og sekresjon av protein og forklara prosessane molekylært.
  • kan greie ut om oppbygnaden til dei ulike delane av cytoskjelettet og deira funksjonar.
  • kan forklara cellekommunikasjon molekylært og samanlikna ulike typar signalisering.
  • kan greie ut om eigenskapane til protein som har viktige funksjonar i celleadhesjon.
  • kan forklara viktige reguleringstrinn i cellesyklus og korleis desse kan knytast til kreftutvikling.
  • kan greie ut om dei spesielle eigenskapane til nerveceller og korleis dei kommuniserer.
  • kan greie ut om eigenskapane til embryonale stamceller og andre typar stamceller.
  • kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
  • kan reflektere over etiske problemstillinger knyttet til bruk av molekylærbiologisk forskning

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar bruk av viktige omgrep og prinsipp innan molekylær cellebiologi.
  • beherskar kunsten å vurdera mogelege samanhengar mellom enkelte sjukdomar (t.d. kreft) og feil i cellebiologiske mekanismar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle detaljert kunnskap i cellebiologi.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
BIO103 Cellebiologi og genetikk 10 studiepoeng.
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, muntleg presentasjon
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein muntleg presentasjon av utvalgt tema i cellebiologi.

Gyldig i to semester (inneverande og påfølgjande semester).

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervising blir eksamen arrangert tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innen 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fabian Rentzsch
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.