Musikkteori I - jazz
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUG110
- Talet på semester
- 2
- Language
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.
Innhald:
I emnet vert det arbeidd med gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.
I gehør/improvisasjon vert det gitt innføring i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.
I arrangering/komponering vert det gitt innføring i rytmikk, akkordlære (inkl. enkel blokkharmonisering og reharmonisering), instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* kan identifisere, gje att og analysere ulike rytmiske, tonale og modale strukturar gjennom lytting.
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan handtere dei grunnleggjande verktøya for arrangering/harmonisering/komponering i jazzrelatert stil.
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan improvisere på eit grunnleggjande nivå med basis i jazz- og tradisjonsrelatert stil.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på førelesingar
- Oppgåveinnlevering, minimum 6 oppgåver. 5 oppgåver skal inngå i mappa som inngår i vurderinga av emnet.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen består av to deler som vert vekta likt:
- Jazzarrangering/komposisjon: Ei mappe med 5 godkjende oppgåver.
- Gehør/improvisasjon: Munnleg eksamen.
Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar i delemnet.