Musikkproduksjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MVK101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir teoretisk kunnskap om og praktiske ferdigheiter i ulike sider av musikkproduksjon som konsertførebuing, lydopptak, og aspekt ved musikklivet i Norge. Studentane i emnet skal samarbeide med kvarandre på ulike praktiske prosjekter som t.d. huskonsertar. Det blir også førelesningar/seminar med aktuelle gjesteføreleserar med erfaring frå musikklivet og -bransjen i Norge.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten...
- Har kunnskap om korleis musikalske hendingar arrangerast, frå konseptutvikling, finansiering og planlegging til gjennomføring av den endelege førestellinga.
- Har kunnskap om ulike aspektar av konsertførebuing som f.eks. timeplanlegging, reklame/pressemeldingar, rigging, lys og lyd.
Ferdigheiter
Studenten...
- Har ferdigheiter i bruk av ulike typar teknisk utstyr som t.d. mikrofonar, mixers, og lydforsterkarar.
- Har ferdigheter i å arbeide i små prosjektgrupper for å planlegge og gjennomføre en konsert.
Generell kompetanse
Studenten...
- Har generell kompetanse om musikkproduksjon i ulike samanhengar.
- Har generell kompetanse til å setje individuelle musikkproduksjonar inn i ein større kontekst innan musikklivet og -bransje.
- Har generell kompetanse i refleksjon om eigen og andre sitt arbeid i musikkproduksjonsfeltet.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er et tilbod til studentar med studierett på bachelorprogram i musikkvitskap. Studentar med studierett på andre program ved Griegakademiet - Institutt for musikk kan søkje om opptak til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning skjer som førelesningar/seminar, gruppeundervisning og gruppeprosjekter.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Eksamen vert gjennomført som ei mappe med 4 ulike små og/eller store prosjekt som dekker områder som konsertproduksjon og -marknadsføring og konsertopptak.
Alle prosjekta vektas likt. Alle prosjekta må være greidd. Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
«Bestått» / «Ikkje bestått»
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 300 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.