Å skriva om musikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane viktige teoretiske og praktiske reiskapar til seinare bruk, både i studier og i yrkesliv. Studentane vil få erfaring gjennom å lesa og skriva korte tekster i ulike sjangrar, samt jobbe med multimedia-formar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten...

  • Kan skilja mellom ulike sjangrar innanfor journalistisk formidling om musikk som til dømes nyheitssak, kronikk, leserinnlegg og portrettintervju.
  • kan gjere greie for korleis ein podcastepisode kan struktureres

Ferdigheiter

Studenten...

  • Studenten kan bruke ulike strategier for å skrive og formidle kunnskap om musikk.
  • kan bruke teknisk utstyr for produksjon av podcast

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan formidle kunnskap om musikk innan ulike sjangrar ved bruk av ulike medier

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Har avlagt 60 studiepoeng
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er eit tilbod til studentar med studierett på bachelorprogram i musikkvitskap som har avlagt 60 studiepoeng.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Delta på førelesingar, og seminar for presentasjon og diskusjon av studentane sine skriftlige arbeide.
  • All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.

    Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Mappevurdering: mappa inneheld 3 oppgåver som utforsker ulike måtar å formidle kunnskap om musikk. Desse inkluderer ulike sjangrar, både skriftleg og mulitmedia. Dei skriftlege oppgåvene har eit omfang på ca. 500-1000 ord kvar. Alle oppgåvene må vere godkjende i same semester.

    Oppgåvene vektas likt. Intern sensur med minst to sensorar.

    Karakterskala
    «Bestått» / «Ikkje bestått»
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste

    Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 200 sider.

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.