Bacheloroppgåve i musikkvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • Kan sjølv velje ei musikkvitskapleg problemstilling, finne relevant litteratur, og setja seg inn i tidlegare forsking innan emnet.

Ferdigheiter

Studenten..

  • Kan gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling.

Generell kompetanse

Studenten..

  • Kan nytte spesifikke teoretiske perspektiv og metodiske verktøy for å løysa ei musikkvitskapleg problemstilling, og kan framstille arbeidet sitt både skriftleg og munnleg.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust eller vår
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha bestått 120 studiepoeng for å starte på bacheloroppgåva.
Krav til studierett
Studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva, samt obligatorisk individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing

  • Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.
  • Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.
  • Problemstillinga for bacheloroppgåva skal godkjennast av rettleiar
  • Minimum to rettleiingsmøter med rettleiar

Skriftleg arbeid

Studentene skal levere følgende skriftleg arbeid:

  • En arbeidsplan som inkluderer møtedatoer og frister for innlevering av oppgaveoversikt og litteraturgjennomganger (se følgende)
  • En til to oppsummeringer av en kilde sentral i oppgavens teoretiske grunnlag, diskuteres med rettleiar. Kvart samandrag skal vere på omlag 750-1000 ord.

Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og tider til rettleiing som vert sette av emneansvarleg/rettleiar. All obligatorisk undervisningsaktivitet må vere gjennomført og godkjent for å kunne gå opp til eksamen (levere inn bacheloroppgåva)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva.

Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve.

Sensur med minst to sensorar. Minst ein skal vere ekstern.

Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.
Litteraturliste
Pensum på om lag 1200 sider særskild knytt til oppgåva. Studentane vel sjølve litteratur i samråd med rettleiar. I tillegg til bibliografien som lister opp alle kilder sitert i oppgaven, bør oppgaven inkludere som vedlegg en liste over de akademiske kildene som utgjør pensum.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.