Nordisk fagdidaktikk 3
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NODI302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi djupare innsikt i strategiar for å oppnå språk- og tekstkompetanse med utgangspunkt i tre hovudtema:
1. Skrivedidaktikk
2. Tekstforståing i eit kulturperspektiv
3. Det fleirkulturelle og fleirspråklege norskklasserommet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar om
- skriveprosessar og vurdering av norskfaglege tekstar
- utvikling av språk- og kulturkompetanse i eit norskfagleg perspektiv
- tekstformer og tekstmodalitetar
- fagdidaktiske problemstillingar knytte til fleirkulturalitet og fleirspråklegheit i norskfaget
Ferdigheiter i å
- undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori
- vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremjande tilbakemelding
- drøfte styringsdokument for norskfaget
- vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk
Generell kompetanse til å
- gjennomføre norskfagleg utviklingsarbeid
- kunne vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon
- drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
100-nivå og 200 nivå i nordisk språk og litteratur og norsk fagdidaktikk;
100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skulen i 7. semester.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Det vert lagt opp til studentaktivitetar i undervisninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane
- ha ei munnleg framlegging der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøfter den/dei i lys av eigne praksiserfaringar og fagsyn
- ha levert førsteutkast til prosjektoppgåva og motta rettleiing på henne
Studenten må vere til stades minst 80 % av undervisinga for å få emnet godkjent.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Eksamensforma er ei rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan seks veker etter oppgåveteksten er utdelt i eksamenssemesteret. Rettleiing frå faglærar på førsteutkastet er obligatorisk, og skal gjevast i løpet av dei seks vekene. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 4000 ord (om lag 24000 teikn), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Instituttet avgjer ved loddtrekning om semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk eller bokmål, etter at oppmeldingsfristen for eksamen er ute. I samsvar med nasjonale retningslinjer for nordiskfaget vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.