Norsk språk som andrespråk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NORAN101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
- har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom norsk og ulike andre språk
- har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein andrespråksinnlærar
- har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk
Dugleik:
Studenten
- kan gjere greie for hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular i eit andrespråksperspektiv
- kan analysere innlærarspråk på ulike språklege nivå
- kan reflektere over kva språklege utfordringar innlærarar av norsk, står overfor
Generell kompetanse:
Studenten
- har ein kunnskapsbase om hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular i eit andrespråksperspektiv og i eit språktypologisk perspektiv. Studenten kan også reflektere over denne kunnskapen i ein språkdidaktisk samanheng.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstype- og mengd:
Undervisninga består av førelesingar og oppgåveseminar. Det er obligatorisk å delta på oppgåveseminar (sjå nedanfor).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta på minst 70 % av oppgåveseminara.
Studentane skal levere ei oppgåve på om lag 1500 ord innan fastsett frist. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. Ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege og språklege minimumskrav, må leverast på nytt. Ved andre gongs levering må minimumskrava vere tilfredsstilte for at den obligatoriske aktiviteten skal bli godkjend.
Obligatorisk aktivitet (seminar og oppgåve) er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Skuleeksamen 6 timar. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
Ved fastsettinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.