Innføring i nordistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NORD100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:
Kunnskap: Studenten
- har grunnleggande kunnskap om litterær sjangerteori
- har grunnleggande kunnskap om kva sjanger betyr for korleis vi les litteratur
- har grunnleggande kunnskap om utvalde verk innanfor dei ulike sjangrane
- har grunnleggande kunnskap om eit utvald tema frå norrøn filologi
- har grunnleggande kunnskap om det nordiske språkfellesskapet
- har grunnleggande kunnskap om personnamnstradisjonar i Noreg
- har grunnleggande kunnskap om det norske ordforrådet
- har grunnleggande kunnskap om forholdet mellom språk og kjønn
- har grunnleggande kunnskap om andrespråksutvikling
Dugleik: Studenten
- kan nytte sjangerkunnskap i analyse av litterære tekstar
- kan drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane
- kan nytte kunnskap tileigna i språkdelen av faget i eigne språklege analysar
- kan nytte kunnskap tileigna i språkdelen av faget til å drøfte og problematisere språklege tema
- kan gi att og referere til innhaldet i vitskaplege og skjønnlitterære tekstar på ein god måte
Generell kompetanse: Studenten
- har trening i å skrive akademiske tekstar
- er godt budd til vidare studium i nordistikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga som kombinerer førelesings- og seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å vere til stades ved minst 70 % av undervisninga (førelesingar, seminar, oppgåverettleiing).
Det skal leverast to tekstar, ein i språk og ein i litteratur, som må godkjennast for å få kunne levere dei i den endelege mappa til vurdering
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet tilsvarar ca. 650 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
Den emneansvarlege fastset pensumet.