Språkkunnskap for erfaringsbasert master i undervisning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Innhaldet vil vere av relevans for læraryrket.

Tema våren 2026: Språket som reiskap for tanken

Tenking og språk er intimt knytte til kvarandre. Rett som det er kan ein lese nyheiter som er formulerte omtrent slik:

"Prisveksten i Norge har løpt løpsk det siste året. Rykende ferske tall fra Statistisk sentralbyrå viser en inflasjon på nesten sju prosent."

Prisar på varer og tenester er noko som rører ved alle menneske i eit moderne samfunn. Men nasjonaløkonomi er noko svært abstrakt som vi treng økonomar og statistikarar for å forstå. Språkbruken i sitatet er heilt alminneleg. Men han er proppa med biletlege uttrykk: Prisane "veks" (men kor store er dei?). Veksten "løper løpsk" (som ein hest?). Dei presenterte tala er ferske, og det ryk av dei (som av nybakt brød?). Dei som kan litt latin eller etymologi, veit at "inflasjon" opphavleg betyr 'oppblåsing'. Så økonomien framstår som ein ballong, og vi veit kva som kan skje med ballongar som blir for oppblåsne.

Ei viktig innsikt frå moderne språkvitskap er at biletleg språk slett ikkje berre er lyrisk pynt, men avspeglar korleis vi menneske tenkjer.

I "Språket som reiskap for tanken" studerer vi korleis vi menneske brukar språket til å gripe verda rundt oss, frå vår eigen konkrete kropp og menneskelege aktivitetar til abstraksjonar som inflasjon og energi. Den teoretiske innfallsvinkelen vår er kalla kognitiv språkvitskap. Ordet "kognitiv" står for det som gjeld sansing og tankar, og denne lingvistiske skuleretninga utforskar nettopp forholdet mellom tenking og språk. Korleis kan vi forstå språklege strukturar som produkt av menneskeleg tenking? Og korleis verkar språket tilbake på tankane våre?

Vi undersøkjer korleis språket er prega av menneskekroppen og dagleglivet. Vi fordjupar oss i biletleg språk, med fokus på metaforikk og metonymi, som gjennomsyrer både allmennspråk og fagspråk.

Vi brukar fire bøker: (a) ei lettfatta innføringsbok som omfattar alle temaa på emnet, (b) semantikkdelen av ei brei innføring i den kognitive språkvitskapen, (c) ei bok om metaforikk og (d) ei bok om metonymi.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår, andre semester av Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisningssted

Bergen, Internett
Krav til forkunnskaper
-
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Opptak til masterstudiet i erfaringsbasert undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Det er obligatorisk å presentere ein del av pensumet i undervisninga. To eller tre studentar skal arbeide saman, og kvar presentasjon skal samla vere på maksimalt 20 minutt.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 6 timar.

Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvar gong.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarlig
Humanistisk fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.