Nordisk språk 2: Språkhistorie og talemål
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NORSK623
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har tre hovudtema: språkhistorie, talemål og sosiolingvistikk.
Desse temaa blir studerte med eit dobbelt siktemål. På den eine sida skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på det språkvitskaplege området.
På den andre sida skal studenten vidareutvikle den språkdidaktiske kompetansen sin.
Sentrale fagdidaktiske moment i studiet som heilskap er kjennskap til læreplanar, kompetansemål, undervisning i grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering av læringsutbytte, bruk av digitale verktøy i undervisninga og refleksjon omkring eigen læringsprosess og eigen undervisningspraksis.
Læringsutbyte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap: Kandidaten
- har god kunnskap om norsk språkhistorie frå norrønt til moderne norsk
- har god kunnskap om forskjellar og likskapar mellom dei nordiske språka
- har god kunnskap om geografisk språkleg variasjon
- har god kunnskap om sosial språkleg variasjon
- har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved språkhistorie og geografisk og sosial språkvariasjon
- har god innsikt i korleis praktiske og teoretiske språklege læringsprosessar kan støttast i undervisning, både fagspesifikt og i oppøvinga av grunnleggande ferdigheiter
Dugleik: Kandidaten
- kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av språkleg materiale
- kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
- kan reflektere om og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i norsk språk, og om eigen yrkespraksis
- kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt
Generell kompetanse: Kandidaten
- har innsikt i norsk språk som forskingsfag og undervisningsemne og tilhøvet mellom dei
- har innsikt i kunnskap om språkhistorie og talemål frå eit danningsperspektiv
- har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.
30 studiepoeng i Norsk 1 med både språk og litteratur (eller tilsvarande)
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.
Nettbasert undervisning.
Rettleiing på oppgåve.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Levering av ei oppgåve innan fastsett frist, på nynorsk
Oppgåva skal vere slik at ho føreset pedagogisk bruk av IKT.
Vurderingsformer
Heimeeksamen på 6 timar.
Målform: Bokmål
I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no