Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NUTR204
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, eller engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjer ei innføring i dei ulike mikronæringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på mikronæringsstoffa sin funksjon og biokjemi. Emnet skal i tillegg gje ei inngåande forståing av korleis dei ulike mikronæringsstoffa, også i samspel med makronæringsstoffa, påverkar utvikling, vekst og helse hos menneske.
Emnet gjer ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for ernæringsrelaterte statusmålingar. Studentane vil verte underviste i prinsippa for den einskilde metode, og det vert gjeve ei kort innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i biokjemiske laboratorium.
Vidare vert kosthaldet sin innverknad på normal utvikling og helse vektlagt; nokre av dei mest aktuelle kosthaldsrelaterte helseproblem og korleis desse har samanheng med levekår og livsstil. Det vert fokusert på kjelder til og behov for dei ulike mikronæringsstoffa, næringsstofftilrådingar og korleis slike tilrådingar skal tolkast. Emnet skal gje inngåande kunnskap om mikronæringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeiding av anbefalingar til friske menneske i ulike fasar av livet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten:
- Har inngående kunnskap om mikronæringsstoffa sin oppbygging, fordøying, absorpsjon, lagring, omsetning, ekskresjon og biokjemisk funksjon hos menneske
- Har brei kunnskap om mikronæringstoffa sin virkemåte og betydning for utvikling av sykdom ved mangel
- Har brei kunnskap om sikkert inntak og toksisitet av mikronæringsstoffar
- Har brei kunnskap om metodar for å måle ernæringsstatus for dei ulike mikronæringsstoffa
Ferdigheiter: Studenten:
- Kan bruke fagterminologien innanfor mikronæringsstoffa sin biokjemi
- Kan analysere og forholde seg kritisk til analysesvar for ernæringsstatus av mikronæringsstoff
Generell kompetanse: Studenten:
- Kan anvende kunnskapen om mikronæringsstoffa sin grunnleggjande biokjemi innanfor andre område i ernæringsfaget
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Fire timars skriftleg eksamen.
Ein kan svara på eksamen på engelsk eller på norsk