Tverrfagleg godkjent klinikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

I dette kurset blir det lagt vekt på at studenten kan integrere kunnskap og ferdigheiter frå alle fag som er gjennomgått fram til utgangen av 4. studieår. Med bakgrunn i tidlegare tileigna kunnskap, evner og haldningar kan studenten undersøkje og behandle dei vanlegaste tilstandane i munnhola.

Innhald:

Ein føresetnad for å kunne framstille seg for OSKE-eksamen (objektiv strukturert klinisk eksamen), er at all kliniske teneste i 7. og 8. semester er godkjend.

Sidan dette kurset byggjer på element som er introdusert tidlegare i studiet, vises det både til overordna teoretiske og praktisk/ kliniske læringsmål for odontologistudiet og til dei enkelte emna.

Læringsutbyte

Etter gjennomført kurs har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten:

  • har kunnskap om symptombilde, kliniske funn, utredning og behandling innan dei vanlegaste orale problemstillingane
  • har kjennskap til aktuelle tilleggsundersøkingar, til dømes CT, MR og laboratorieundersøkingar
  • har kunnskap om generell sjukdomslære/ patologi.
  • har kjennskap til hovudgrupper av legemiddel og deira verknadsmekanismar.
  • kjenner til korleis legemiddel og behandling kan påverke tilhøve i munnhola.
  • har kunnskap om klinisk bruk, biologiske aspekt og handtering av odontologiske biomaterialar.
  • har kunnskap om mikrobiologi som er av betydning for tann- og munnhelse.
  • har kjennskap til Folketrygdas regelverk for refusjon av utgifter til tannbehandling
  • Har kjennskap til Lov om tannhelsetenesten.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • tar sjølvstendig opp anamnese og skriv gode, strukturerte pasientjournalar
  • utfører enkle, diagnostiske undersøkingar
  • vurderer behovet for røntgenundersøkingar og gjennomfører vanlege røntgenopptak
  • vurderer behovet for tilleggsundersøkingar
  • gjennomfører grunnleggjande profylaktiske og terapeutiske tiltak for pasienten på ein sjølvstendig måte.
  • meistrar enkle former for akuttbehandling og akuttsituasjonar som kan oppstå i samband med tannbehandling 
  • nyttar dei vanlegaste moderne, vitskapelege aksepterte profylaktiske og terapeutiske middel, materiale og teknikkar.
  • evaluerer gjennomført behandling og føretek ei prognosebedømming.
  • vurderer behov for etterkontrollar/ etterbehandling og planleggjer vedlikehaldsfase.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • samarbeider med anna helsepersonell.
  • demonstrerer etisk og profesjonell åtferd mot pasientar, pårørande og kollegaer
  • erkjenner eige fagleg avgrensing og tilviser pasienten der det er naudsynt med spesialkompetanse eller med tilvising til lege/ sjukehus.
  • handlar i tråd med lovgjevingar, prosedyrar og etiske retningslinjer.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår - emnet går over to semester.
Krav til forkunnskapar
6. semester i Integrert master i odontologi må vere fullført og bestått før studenten kan ta til med emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset byggjer i fyrste rekkje på den kliniske tenesta (kliniske kurs, seminar, kasuspresentasjonar), men og på førelesingar (fysiske og digitale).
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Klinisk teneste innan kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, endodonti, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, kariologi og periodonti inkludert seminar og kasuspresentasjonar. Alle desse tenestene er obligatoriske og må godkjennas før studenten kan ta sluttvurderinga i emnet. Dei ulike tenestene utgjer ein heilskap og skal syne studenten sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse innan dei ulike felta i odontologi.

All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesinger.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

Vurderingsformer
Sluttvurderinga består av ein stasjonseksamen, OSKE (objektiv strukturert klinisk eksamen). OSKE har ei varigheit på 3 timar per student, og studenten må møte opp 45 minuttar før eksamen tar til.
Karakterskala
OSKE - A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesterets emner.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart tredje år, i samsvar med UiB sitt system for kvalitet i utdanningane.
Hjelpemiddel til eksamen
Eventuelle naudsynte hjelpemiddel vil vere tilgjengeleg i eksamenslokalet.
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
Førsteamanuensis Siri Flagestad Kvalheim
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi