Tannbehandling av vaksne, diverse tema

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Målet for emnet er å sørge for ei tverrfagleg forståing for tema slik som traumatologi, utveklingsforstyrringar i tannsettet, evidensbasert bruk av biomaterialar og implantologi på ein tematisk måte.

Innhald:

Undervisinga omhandlar følgjande tema:

  • tanntraume hos barn og ungdommar, utviklingsdefektar og forstyrringar, evidensbasert valg av biomaterialar
  • forståing for historia bak og grunnprinsippa for implantatbehandling inkludert preparering og planlegging av implantatbehandling
  • forståing for seineffektar ved traume, biomaterialar og behandlingsmetodar brukt i tannbehandling for å attskape funksjon og forhindre tap av funksjon
  • formelle aspekt ved framstilling, valg og bruk av dentale biomaterialar

Læringsutbyte

Etter avslutta emne, har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

Traumatologi (traume mot tenner og deira støttevev):

  • Traumatologisk diagnostikk
  • Akutt og permanent behandling med behandlingsalternativ
  • Prognosevurderingar og oppfølging
  • Senfølgder av tanntraume
  • Økonomiske støtteordningar ved tanntraume

Tannutviklingsforstyrringar:

  • Emalje- og dentinforstyrringar med etiologi
  • Morfologiske avvik og agenesiar
  • Diagnostiske vurderingar og behandlingsaspektar på kort og lang sikt
  • Økonomiske støtteordningar

Evidensbasert materialval:

  • Oppbygning, samansetning, reaksjonsmåtar og eigenskapar til aktuelle grupper av biomaterialar
  • Bruksområde og prosedyrar
  • Regulatoriske/lovbunden forhold som rører ved valg og bruk av biomaterialar
  • Biologiske eigenskapar og biverknader

Implantologi:

  • Historisk utvekling av tannimplantat
  • Indikasjonar, kontraindikasjonar og behandlingsalternativ ved bruk av tannimplantat
  • Prosedyrar for innsetting og protetisk rehabilitering
  • Oppfølging, komplikasjonar og vedlikehald

Ferdigheter:

Traumatologi:

Studenten:

  • Diagnostiserer og behandlar tanntraume på kort og lengre sikt
  • Vurderer kort- og langtidsprognoser etter tanntraume
  • Lager oppfølgingsplan
  • Informerer pasienten, evt. føresette, om økonomiske stønadsordninger etter tanntraume

Tannutviklingsforstyrringar:

Studenten:

  • Diagnostiserer, behandlar og viser evt. pasienten vidare til spesialistbehandling
  • Vurderer prognose og lager ei oppfølgjingsplan
  • Informerer pasienten, evt. føresette, om økonomiske stønadsordninger

Evidensbasert materialval:

Studenten:

  • Vel materialar etter hensikt og evidens i kvar einskild behandlingssituasjon
  • Informerer pasienten om biologiske effektar og evt. biverknader ved materialvalet
  • Informerer pasienten om ulike behandlingsalternativ, materialval og kostnader

Implantologi:

Studenten:

  • Vurderer implantat som behandlingsalternativ, viser evt. pasienten vidare til spesialist
  • Vurderer klinisk og røntgenologisk resultat etter implantatinnsetjing
  • Følgjer opp og vedlikehalder tannimplantat

Generell kompetanse

Studenten:

  • viser evne til kritisk å vurdere eigne avgrensingar innanfor tema som emnet omhandlar.
  • fremviser ei profesjonell og etisk forsvarleg haldning i si utøving og kommunikasjon med pasienten og evt. pårørande
  • samhandlar med anna aktuelt helsepersonell

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Fullført 6. semester ved Integrert master i odontologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminar

All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesinger.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
Bestått/ ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart tredje år, i medhald av UiB sitt system for kvalitet i utdanningane
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
Professor Athanasia Bletsa
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi