Læring i og for arbeidslivet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PED113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studiet har som mål å utvikle grunnleggjande forståing for forholdet mellom kunnskap, læring og opplæring i arbeidsliv og profesjonar. Dette inneber eit fokus på læring- og opplæringssituasjonar for, og på, arbeidsplassen. Emnet introduserer ulike teoretiske perspektiv på kunnskapsprosessar og læring som sosial praksis, og viser korleis perspektiva kan bidra til å forstå vilkår for læring og utvikling. Emnet vil gje ei innføring i omgrep som uformell læring, taus kunnskap, artefakter og identitet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten...
- kan gjere greie for ulike perspektiv på forholdet mellom kunnskap, læring og opplæring
- kan forstå praktiske læringssituasjonar i lys av ulike teoretiske persepktiv
- kan diskutere forholdet mellom formell og uformell læring og opplæring i arbeidslivet
- kan diskutere forholdet mellom identitet, læring og arbeid
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan reflektere over forholdet mellom opplæring, læring og syn på kunnskap
- kan diskutere praktiske problemstillingar knytt til opplæring og læring
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan bruke faglege omgrep og teori på ein relevant måte
- kan diskutere faglege problemstillingar
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
UiB
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
PED211 = 15 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på årsstudiet og bachelorprogrammet i pedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av førelesingar, litteraturstudiar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er heimeeksamen over ei veke.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet