Skulens læringsmiljø
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PED115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei grunnleggande innføring i sammanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet i grunnskule og vidaregåande opplæring og elevene sin psykiske helse og trivsel. Spørsmåla blir belyst ut frå pedagogiske, psykologiske og sosiologiske perspektiv. Det blir lagt særleg vekt på at studentane utviklar forståing for moderatorar til god psykisk helse og trivsel som meistring og motivasjon og sosial støtte i læringsmiljøet. Emnet skal og gi studentane eit grunnlag for å drøfte læraren sin og skulesystemet si rolle i det førebyggande og helsefremmande psykiske helsearbeidet i lys av aktuell utdanningspolitikk. Studentane skal vidare bli i stand til å drøfte ulike utfordringar og problemstillingar knytt til det psykososiale læringsmiljøet i lys av teoretiske perspektiv på mikro og makronivå.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
- har kunnskap om forutsetningar for, samt utfordringar og problemstillingar knytta til skulen sitt arbeid med det psykososiale læringsmiljøet
- har kunnskap om samanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet og barn og unge sin psykiske helse og livskvalitet
- kjenner til opplæringsloven, fagfornyelsen (LK20) og utdanningspolitikk om skolemiljø og det psykososiale læringsmiljøet
- har kunnskap om forebyggande og helsefremmande arbeid i skulen
Ferdigheiter
Studenten..
- kan bruke pedagogiske, psykologiske og sosiologiske teoretiske tilnærmingar for å forstå samanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet og barn og unge sin psykiske helse, trivsel og læring
- kan drøfte læraren og skulen si rolle i arbeidet med psykososialt læringsmiljø
- kan drøfte læraren og skulens si rolle i det forebyggande og helsefremmande arbeidet
- kan analysere utfordringar og problemstillingar knytta til skulen sitt psykososiale læringsmiljø i ljos av ulike teoretiske perspektiv
- kan reflektere over forutsetningar og utfordringar knytta til psykososialt læringsmiljø i norsk skule
Generell kompetanse
Studenten..
- kan reflektere over psykisk helse og frafallsproblematikk i norsk skule
- kan finne og bruke relevante begrep, teoriar og perspektiv til å diskutere forutsetningar for og utfordringar knytta til psykososialt læringsmiljø i norsk skule
- kan diskutere aktuell utdanningspolitikk relatert til grunnskule og vidaregåande opplæring
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Før opptak til emnet må årsttudie eller fyrste året i eit av bachelorprogramma ved Det psykologiske fakultet vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogramma i pedagogikk, spesialpedagogikk, arbeids- og organisasjonspsykologi og generell psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar utgjer undervisninga i emnet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan fremstille seg til vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Skuleeksamen, 6 timar
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet