Pedagogisk filosofi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er ei vidareføring av PED111 Pedagogisk filosofi frå bachelorstudiet i pedagogikk. Emnet skal gi studentane grundig forståing for korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan problematisere føresetnader for pedagogisk praksis. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og drøfte grunnleggande pedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane si kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om og forståing for pedagogisk-filosofiske teoriar
  • har grundig forståing for sentrale pedagogisk-filosofiske spørsmål og omgrep

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjere greie for og drøfte ulike oppfatningar av utdanning, kunnskap og læring, samt forholdet mellom desse
  • kan gjere greie for og drøfte ulike syn på forholdet mellom utdanning og samfunn
  • kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan pedagogisk arbeid og innan pedagogikk som fag og forskingsfelt, inkludert forholdet mellom fagets praktiske og teoretiske dimensjonar

Generell kompetanse

Studenten...

  • meistrar akademisk skriftleg framstillingsmåte
  • kan diskutere grunnlagsproblem både munnleg og skriftleg
  • kan ta imot tilbakemelding på eigne tekstar og forbetre desse i lys av tilbakemeldinga

 

 

 

 

 

Fulltid/deltid

Deltid.

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eit semester.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust, annakvart år.

 

Undervisningsstad

Studiet er nettbasert, men i starten av kvart semester blir det vanlegvis arrangert ei samling i Bergen.

 

Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk deltid (nettbasert)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vil bli gitt obligatoriske arbeidsoppgåver undervegs i semesteret.
Vurderingsformer

Emnet nyttar heimeeksamen over 14 dagar.  

 

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust/vår, annakvart år.
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

 

 

 

Programansvarleg
Institutt for pedagogikk.
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk.
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.