Mentorutdanning - Rettleiing av nye lærarar
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PED641
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Utdanninga tek sikte på auke medvitet om kva rettleiing har å seie i skulen. Vidare vil studiet gje mentoromgrepet innhald og etablere innsikt og forståing for nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skulen. Studiet vil setje fokus på nye lærarar sin verdi for skulen og gje kunnskap om og forståing for læraren sin profesjonelle utvikling og skulen som lærande organisasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om rettleiing som verkemiddel i skulen
- har kunnskap om nye og erfarne lærarar si profesjonelle utvikling og om skulen som lærande organisasjon både nasjonalt og internasjonalt
- har kunnskap om korleis ein kan legge til rette for profesjonell utvikling
- har kunnskap om ulike verktøy i profesjonell utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre eit aksjonsforskingsprosjekt
- kan legge til rette for overgangen frå utdanning til yrke
- kan reflektere over og utvikle eigen rettleiingspraksis
Generell kompetanse
Studenten
- knyter saman teoretiske og praktiske aspekt ved rettleiing
- møter den som blir rettleidd med empati og openheit og er støttande i refleksjonsprosessar
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium over to semester og er organisert gjennom 8 dagsamlingar ved UiB, 4 kvart semester. Samlingane er ein kombinasjon av forelesingar, diskusjonar som tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande aktivitetar er obligatoriske:
- delta førebudd på minst 6 av 8 samlingar
- planlegge, gjennomføre og gje ein munnleg presentasjon av forsking på eigen klasseromspraksis
- planlegge og gje ein munnleg presentasjon av eit formalisert introduksjonsprogram for ein ny kollega
- skrive minst to tekstar undervegs i aksjonsforskingsprosessen
- gje digital tilbakemelding til to medstudentar på ein av tekstane.
- gje munnleg og skriftlig tilbakemelding på tekstseminar til to medstudentar