Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester
Årsstudium
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å dyktiggjøre studentane i utøvinga av eit profesjonelt lærararbeid. Læraren har mellom anna ansvar for elevane si læring, utvikling og danning. Det krev at ein har kunnskap om lovverk og mandat for opplæringa, lærings- og danningsprosessar og korleis opplæringa skal tilpassast mangfaldet i elevgruppa. Gjennom emne vil studentane få kunnskap om forsking innanfor dei aktuelle tema, samt at tematikken vidare skal utforskast av studentane i eigen praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om skulen sitt mandat og funksjon i samfunnet og er oppdatert på gjeldande lov- og planverk
- har kunnskap om samiske elevars rettigheiter
- har kunnskap om læraryrket som profesjon
- har kunnskap om sentrale lærings-, utviklings- og motivasjonsteoretiske perspektiv og har utvikla eit kritisk forhold til desse
- har kunnskap om samanhengar mellom klasseleiing, undervisning, vurdering og eit inkluderande læringsfellesskap
- har kunnskap om tilrettelegging av læringsaktivitetar for elevar med ulike læreføresetnader og kulturell bakgrunn
- har kunnskap om bruk av IKT i undervisninga og utfordringar og moglegheiter knytt til dette
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere og orientere seg i kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen
- kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
- kan foreslå og grunngje planar for eit godt klasse- og læringsmiljø i lys av teori
- kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til forholdet mellom ordinær undervisning og individuelt tilrettelagt opplæring
- Kan anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere ulike aspekt ved vurdering
- kan reflektere over digital kompetanse og IKT i lys av læreplanen sine overordna føringar på dette området
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk reflektere over skulefaglege og utdanningspolitiske spørsmål
- har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevars læring, danning og utvikling
- kan formidle og kommunisere pedagogiske problemstillingar knytt til utøving av læraryrket på eit fagleg avansert nivå
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Praktisk-pedagogisk utdanning
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminarundervisning i mindre gupper. I tillegg har studentane eit innføringskurs på 12 timar. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.
Omfang:
- Innføringskurs: 12 timar
- Førelesingar: normalt 8 førelesingar à 2 timar
- Seminar: normalt 11 seminar à 2 timar, 2 seminar à 4 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande aktivitetar er obligatoriske:
- Delta og møte førebudd på seminar
- Presentere eit case frå praksis med aktuell problemstilling munnleg på seminar.
- Utforme ein tekst på ca. 1000 ord der studenten skildrar eit aktuelt case, synliggjer ein tydeleg problemstilling og knyt dette saman med relevant litteratur
- Gje skriftleg tilbakemelding på caseskildringa til to medstudentar.
- Halde ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i det aktuelle caset.
- Gje tilbakemelding på den munnlege presentasjonen til to medstudentar.
Obligatorisk aktivitet må være greidd for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Munnleg eksamen skal avlegges på norsk, eventuelt eit anna skandinavisk språk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet.
Institutt
Institutt for pedagogikk