Innføring i pedagogikk for lektorstudentar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA130
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som overordna mål å gje ei innføring i pedagogikkfaget for lektorstudentar.
For det fyrste vil studentane verte introduserte for grunnomgrep i pedagogikkfaget, som danning, oppseding og undervisning og grunnspørsmål, som tilhøvet mellom tvang og fridom. Desse vil danne utgangspunkt for refleksjon over pedagogisk praksis og utvikling av eit pedagogisk fagspråk.
For det andre vil emnet gje studentane forståing for forventingar, ansvar og kunnigheit som høyrer til utøving av lærarrolla, med særskild vekt på relasjonelle og organisatoriske kunnskapar og ferdigheiter. Pedagogiske relasjonar fordrar etisk medvit, og etiske problemstillingar knytte til lærar-elev-relasjonen vil særleg verte tematiserte. Studentane vil også verte introduserte for strategiar for klasseleiing og dilemma knytte til disiplin og danning innan dette feltet.
For det tredje vil emnet gje studentane fagleg innsikt i korleis dagens elevrolle vert forma av ungdomskultur og samfunnsvilkår og forståing for ulike perspektiv på skulen sitt føremål, særleg i ljos av spørsmål om mangfald og normalitet.
Gjennom deltaking i emnet vil studentane starte arbeidet med å danne eigen profesjonell identitet og øve opp dygder som empati, omsorg og pedagogisk merksemd.
Emnet inneheld også 10 dagar med praksis, åtte av dei i skulen og to til for- og etterarbeid på campus. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane i å reflektere over praksiserfaringar og -observasjonar i ljos av pedagogikkfaget.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- kjenner til sentrale tema og grunnleggjande omgrep i pedagogikkfaget
- har fagleg forståing for relasjonelle og organisatoriske sider ved utøving av lærarrolla og kjennskap til skulen sine støttefunksjonar
- har innsikt i kva som kjenneteiknar den pedagogiske relasjonen og kva for ansvar, dygder og etiske plikter dette inneber for læraren
- har kunnskap om sentrale faglege perspektiv på klasseleiing
- har breie kunnskapar om ungdomskultur, elevmangfald og samarbeid med andre instansar i møte med særskilte behov hos barn og unge
- har grunnleggjande kunnskap om føremål og funksjonar skulen har i samfunnet
Kunnskapar knytte direkte til praksis:
- har kunnskap om korleis lærarar i praksis legg til rette for undervisningsaktivitetar gjennom klasseleiing og relasjonsbygging
Ferdigheiter:
Studenten
- kan drøfte sentrale tema og grunnleggjande omgrep i pedagogikkfaget
- kan reflektere over lærarrolla på bakgrunn av praksis, faglitteratur og styringsdokument
- kan syne dømmekraft knytt til etiske utfordringar og dilemma i møte med elevar
- kan syne forståing for mangfald og ulike behov hjå elevar
Ferdigheiter knytte direkte til praksis:
- kan gjere bruk av grunnleggjande klasseleiingsstrategiar
- kan planleggje, grunngje og gjennomføre korte undervisningsaktivitetar
- kan nytte nokre digitale verktøy som er i bruk i skulen
- kan reflektere over samspelet mellom elevar i og utanfor klasserommet og knyte dette til trekk ved ungdomskulturen og ungdomar sin situasjon
- kan bruke observasjon som metode for å få innsikt i livet i skulen og identifisere pedagogikkfaglege problemstillingar
Generell kompetanse:
Studenten
- kan syne relasjonskompetanse og mellommenneskelege dygder
- forstår kva det kan innebere å vere ungdom i dagens samfunn
- kan reflektere over samanhengen mellom klasseleiing, relasjonsbygging og kva læringsutbyte elevar får gjennom undervisning
- kan orientere seg i, analysere og stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og teoriar som er relevante for pedagogisk verksemd
- kunne sjølvstendig, og utan hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innan pedagogikkfaget
Generell kompetanse direkte knytt til praksis:
- kan syne relasjonskompetanse og mellommenneskelege dygder
- kan reflektere over samanhengen mellom klasseleiing, relasjonsbygging og kva læringsutbyte elevar får gjennom undervisning
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert gjennom førelesingar, seminar i mindre grupper og praksis i skulen. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.
Praksisperioden har eit omfang på 10 dagar, åtte av dei i skulen og to til for- og etterarbeid på campus, og vil innebere aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studenten skal være del av eit team og observere teamet sitt arbeid. Aktivitetar i praksis inkluderer observasjon av undervisning og livet i skulen, gjennomføring av undervisningsaktivitetar og deltaking i anna lærararbeid, som undervisningsplanlegging og - evaluering. Studenten skal også ta aktivt del i elevane sine friminutt og pausar for å få innblikk i samspelet mellom elevane også utanfor klasserommet. Gjennomføring av praksis er obligatorisk og vert vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Antal forsøk på kortpraksis:
Kortpraksis er ein obligatorisk undervisningsaktivitet i emnet. Studentar som får ikkje godkjent på kortpraksis kan ta kortpraksis på nytt éin gong.
Varigheit:
Godkjende obligatoriske arbeidskrav (herunder kortpraksis) har ei varighet på tre semester
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
- Skriftleg skuleeksamen (5 timar)
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet