Grunnkurs i mekanikk og varmelære
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet er fyrst og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Emnet gir ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme.
Innhald:
Emnet gir ei rask innføring i mekanikk og varmelære: Rørsle, kraft, energi og effekt, rotasjon, temperatur og varme, hovudsetninga i varmelæra, svingingar, bølgjer og lyd.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har fått kunnskapar om
- mekanikk (kinematikk og dynamikk) og rotasjon og lineær/sirkulær rørsle av enkle gjenstandar og væsker
- termodynamikk og varmetransport, arbeid, endring i temperatur og indre energi
- harmonisk bevegelse, elastisitet, bølgjer, lyd og interferens
Ferdigheiter
Studenten kan løyse oppgåver med
- kinematiske likningar i to dimensjonar, Newtons lover, sirkulær bevegelse, arbeid- og energibetraktningar, impuls og rørslemengde, rotasjon og enkel væskedynamikk
- termisk ekspansjon, varmeleiing, Stefan-Boltzmann strålingslov, lover om ideelle gassar, kinetisk gassteori, termodynamikkens lover og Carnot sitt prinsipp
- ideelle fjærer, enkel harmonisk bevegelse, lydhastigheit i gassar/væsker/faste stoff, Dopplereffekten, interferens og ståande bølgjer
Generell kompetanse
Studenten har fått
- auka refleksjonsevne og innsikt i korleis fysikk koplar årsak og verknad for enkle prosessar i naturen
- kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap
- trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
skriftleg midtvegseksamen (2 timar), som utgjer inntil 20% av karakteren
skriftleg slutteksamen (4 timar), som utgjer minst 80% av karakteren
Eksamen blir berre tilboden på norsk språk i dette emnet. Endeleg eksamen tel 100% i semester utan midtvegseksamen. Vidare ser ein vekk frå midtvegseksamen dersom studenten får best resultat på endeleg eksamen (dvs. midtvegseksamen kan berre telje positivt).
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Godkjent lommekalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
På midtveiseksamen er antall tillatte eigne notat redusert til 3 A4-sider.