Signal- og systemanalyse
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS116
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet er gjev ei innføring i digital signalbehandling og teorien som ligg til grunn for dette. Sidan dette er prinsipp som vert nytta med fysikkeksperiment i dag er det særs nyttig å få ei forståing for korleis data vert representert og handsame i desse.
Innhald:
Emnet tek opp tidsdiskrete system og analyser av desse i tidsplanet med hjelp av differanselikningar, frekvensplanet med Fouriertransformasjon og z-planet med z-transformasjon. Spesifikt analyserer ein ulike typar filter som til dømes lavpass- og bandpassfilter. Desse er implementert anten som FIR-filter eller som IIR-filter kor stabilitetskriteria er sentrale.
Lærerike laboratorieoppgåver, der ein nyttar simuleringsprogrammet Matlab til å implementere ulike digitale algoritmar, viser praktisk bruk av digital signalbehandling til dømes på musikk og tale. Det er ein fordel å kunne litt om programmering på førehand, men det er mogeleg å ta kurset og å lære enkel programmering i Matlab undervegs.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare korleis ulike analoge signal vert uttrykt matematisk og korleis den digitale representasjonen er
- veit kva eit tidsdiskret system er og kan analysere dette i tidsplanet, frekvensplanet og z-planet
- kan greie ut om forskjellige digitale filterimplementasjonsteknikkar som FIR filter, IIR filter og skilnaden på desse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere ulike typar filter (lavpass, bandpass), FIR-filter med framoverkopling, IIR-filter med tilbakekopling og generelt stabilitetskriterium.
- kan implementere ulike digitale algoritmar med simuleringsverktøyet Matlab.
Generell kompetanse
Studenten har fått
- kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap
- trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem med fagrelevante verktøy
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
6 laboratorieøvingar, der dei 5 siste er obligatoriske og må verte godkjent.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i påfølgande 6 semester etter godkjenning.
Ikkje-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først viss omsyn til kapasitet tillet det. Dersom det er avgrensa kapasitet skal studenter som har hatt gyldig fråvær frå aktiviteten prioriterast framføre studentar som ikkje har hatt gyldig fravær.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformar:
- Skriftleg digital skuleeksamen (4 timar).