Relativistisk kvantemekanikk og feltteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, Norsk om berre norskspråklege studenar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gje forståing av effektane til den spesielle relativitetsteorien i kvantemekanikk og gje ei innføring i feltteori.
Innhald:
Emnet omhandlar relativistisk kvantemekanikk, uttrykt ved Dirac-likninga, samt Lorentz-kovarians av likninga og eksistensen av antipartiklar. Emnet omhandlar og kvantisering av Klein-Gordon felt, Dirac-felt, og foton-felt. Emnet dannar grunnlag for vidaregåande studium i feltteori og gir forståing av relativistiske effektar i atom.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan forklare
- Dirac-likninga, med løysing for frie partiklar
- eksistensen av antipartiklar
- planbylgje-utvikling av skalart-, Dirac- og fotonfelt
- kanonisk impuls og kvantisering av felt
- mikrokausalitet og Feynmanpropagatoren
- S-matrisa
Ferdigheiter
Studenten beherskar bruken av
- symmetriar for å finne bevaringslover
- utslettelses- og kreasjonsoperatorer for å uttrykke observabler i feltteori
Generell kompetanse
Studenten kan
- presentere berekningar til kollegaer
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Muntleg eksamen (teller 75%). To oppgaver (teller 25%). Karaktertellende aktiviteter (to oppgaver) er gyldig i 6 semester.