Exhibition Making

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit prosjektbasert emne der gruppearbeid fører til skaping av ei utstilling eller ei rekkje utstillingar. Ein undersøkjer overgangen frå studio-produksjon til offentleg presentasjon. Rytmen i ei utstilling er eit sentralt fokus; korleis tar ei utstilling form og utviklar seg over tid? Alle praktiske omsyn knytt til utstillingsproduksjon blir utforska, som romplanlegging, formidling, promotering og montering.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbyte

Kunnskap:

  • Utvikle bevisstheit om ulike utstillingsformat og sentrale historiske referansar

Ferdigheiter

  • Få erfaring med alle steg i utstillingsproduksjon, frå konsept til realisering
  • Få praktiske ferdigheiter knytt til utstillingsdesign, formidling, produksjon og promotering
  • Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metoder gjennom prosjektutvikling.

Generell kompetanse

  • Vise omsyn til korleis meininga i eit kunstverk forheld seg til presentasjonsforma
  • Delta i samarbeidsprosessar med medstudentar
  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Utvikle og presentere eit utstillingsbasert prosjekt

Fulltid/deltid

Fulltid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Campus Møllendal 61.
Krav til studierett

Opptak til Bachelorprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minst 80% tilstedeværese er forventet.
Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet med emner.
Administrativt ansvarleg
Faculty of Fine Art, Music and Design holds the administrative responsibility for the module and studyprogram.