Who is looking at who? The Colonial Gaze(s)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PRO224
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllande semesteromtale
Dette emnet utforskar ei rekke historier og identitetar knytt til omgrepet "koloniale blikk" frå eit avkolonialt perspektiv. Gjennom kunstnarisk forskingsmetode vil vi granske ideen om den "avkoloniale vendinga" og foreslå spekulative historier og framtider. Dette kurset vil gi eit utvida fokus og innsikt i dekoloniale og koloniale historiane og samtida. Ved hjelp av kunstnariske forskingsmetoder vil vi kritisk tilnærma oss dei ulike diskursane på feltet. Gjennom utviklinga av eit individuelt eller gruppebasert kunstforskningsprosjekt vil studenten oppnå eksperimentell kunnskap om korleis kunstnariske forskingsmetoder kan brukast for å granske spesifikke og komplekse tema.
Lærar: Luz Maria Cardona Sanchez
Mål og innhald
I dette emnet blir ei rekkje koloniale historier og deira samtidige omstende undersøkte. Ved hjelp av strategiar for kunstnarisk forsking, søker emnet å avklara ulike diskursar, posisjonar og agendaer knytte til emnet.
Studentar utviklar eit individuelt eller gruppeprosjekt innanfor emnet og blir introduserte for relevante tema og tilnærmingar gjennom førelesingar, lesingar, presentasjonar, rettleiing og/eller verkstader.
Læringsutbyte
Kunnskap
- Få innsikt i koloniale historier og identitetar
- Få djupare forståing for kritisk refleksjon som eit verktøy innanfor kunstnarisk praksis
Ferdigheiter:
- Implementere kunstnariske metodar for å formidla sosiale og politiske spørsmål
- Få erfaring med relevante format og prosessar
- Utvikle sjølvstendige forskingsmetodar
Generell kompetanse:
- Plassere eigen praksis innanfor ein kontekst for kunstnarisk forsking.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Full time.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Metodar kan inkludera:
- Prosjektutvikling
- Individuell forsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tildelte lesingar
- Skriveøvingar