Masteroppgåve i prosessteknologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRO399
- Talet på semester
- 2
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten teoretiske kunnskaper og praktiske ferdigheter innan eit spesialisert område i energi- og prosessteknologi. Kandidaten skal få ein god innføring i vitskaplege arbeidsmåter, trening i å evaluere vitskapleg litteratur, og erfaring i å formidle egne resultat og teorier både munleg og skriftleg. Gjennom fagleg fordjupning skal studenten tilegne seg spisskompetanse, utvikle kritisk og vitskapelig tenking og være i stand til å gjennomføre ei forskningsbasert masteroppgåve innen forskningsfeltet.
Innhald:
Masteroppgåven skal være et selvstendig arbeid, utforma i ein dialog mellom rettleiar og kandidaten, hvor kandidaten selv har ansvaret for progresjonen i arbeidet. Forskningsfeltet som ein kan velje masteroppgåve innan, spenner over fleire område innan energi- og prosessteknologi, som til dømes separasjon, sikkerheitsteknologi og fleirfase. Teoretiske og praktiske fordjupingsemne blir valt etter tema på masteroppgåva. Studiet gir deg solid kompetanse i realfag og grunnlag til å bidra til i utviklingen av fagområda prosessteknologi.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- syner gode kunnskapar innan prosessteknologi generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa området knytt til mastergradsprosjektet
- kan analysere komplekse problemer som finnes i prosessindustrien i dag
- har kunnskap om eksperimentelt utstyr, måleinstrument og berekning av måleusikkerheit
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- kan handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
- kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
- kan orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og bruke nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- kan analysere problemstillingar i sikkerheitsteknologi og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
- kan modellere og analysere grunnleggende prosesser som skjer i prosessapparatur og naturen
- kan finne sammenheng og anvende kunnskaper fra matematikk, fysikk og kjemiteknikk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- kan gi ei god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan prosessteknologi, både med spesialistar og til allmennheita
- kan reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit