Psykologisk behandling II
Masteremne
- Studiepoeng
- 14
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PROPSY312A
- Talet på semester
- 1
- Language
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studentane blir gjort kjende med sentrale tilnærmingar til psykologisk behandling (psykoterapi) for ulike aldersgrupper, inkludert teoretisk grunnlag, empiri og metodikk. Emnet bygger primært på tidlegare undervisning i personlegdomspsykologi, psykologisk kartlegging, psykopatologi og behandling. Emnet har som mål å styrke ei forståing for idégrunnlag, nøkkelomgrep, teori om psykopatologi og endring, samt intervensjonsmetodar innan dei ulike behandlingstilnærmingane.
Innhald:
Emnet fokuserer på sentrale psykologiske tilnærmingar, som for eksempel kognitiv atferdsterapi, dynamisk psykoterapi, opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer og terapiintegrasjon. Det vil også vere fokus på viktigheita av relasjonelle ferdigheiter og terapeuthaldningar, som respekt, empati og fleksibilitet som eit grunnlag for bruk av ulike terapeutiske intervensjonar.
Om innhaldet:
Kognitiv åtferdsterapi: Undervisninga fokuserer på korleis ein kan arbeide kognitiv-åtferdsterapeutisk med ulike typar av psykiske lidingar. Grunnprinsipp innan den kognitive tilnærminga blir gjennomgått, og studentane blir introdusert blant anna for ulike tilstandsbilete og gjennomfører ferdigheitsøvingar knytte til sentrale intervensjonar.
Dynamisk psykoterapi: Undervisninga gir ei oversikt over hovudlinene i dynamisk psykoterapi. Sentrale intervensjonar og framgangsmåte vil bli illustrert gjennom videoeksempel frå reelle terapeutiske forløp innan korttids psykodynamisk terapi.
Opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer: Undervisninga gir ei forståing av det teoretiske grunnlaget for opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer. Studentane vil gjennom videoeksempel og praktiske øvingar bli gjort kjende med sentrale forståingsmåtar og intervensjonar. Målet er å få ei forståing for korleis desse tilnærmingane kan nyttast ovanfor ulike typar av psykiske problem og eksistensielle utfordringar.
Terapiintegrasjon: Undervisninga gir ei innføring i det integrative perspektivet innanfor psykoterapifeltet. Kurset vil også gi ei praktisk innføring i korleis teoretiske og tekniske element frå ulike terapitilnærmingar kan integrerast i arbeid med kliniske problemområde.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan drøfte og forstå ...
- idégrunnlag og sentrale omgrep
- kva som kan tenkast å utløyse og oppretthalde psykiske vanskar
- rasjonale for behandling av psykiske vanskar
- sentrale terapeutiske intervensjonar
- empirigrunnlag
- indikasjonar og kontraindikasjonar for behandling
Ferdigheiter
Studenten kan ...
- formidle behandlingsrasjonale
- etablere eit behandlingsfokus
- utføre utvalde sentrale intervensjonar
Generell kompetanse
Studenten ...
- kan reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive terapitilnærmingane
- er bevisst på betydninga av å lytte og vise empati, respekt og framstå som ekte ovanfor pasientar, pårørande og helsepersonell og deira situasjon og problem
- forstår viktigheita av å vere fleksibel når det oppstår behov for justering av behandlingsplanen undervegs i eit behandlingsforløp
- forstår kva premiss nokon legg til grunn når dei gjer handlingsval og vurderingar i arbeidet som psykolog