Psykologiens og psykologprofesjonen si historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologien og psykologprofesjonens sitt historiske opphav og utvikling som vitskapleg og anvend disiplin, samt gje ei innføring i sentrale namn, hovudtradisjonar og spørsmål knytt til psykologi som vitskap og profesjonell praksis.

Psykologiens historie

Studenten vil få ei innføring i psykologiens idéhistoriske røter, og framveksten av den første eksperimentalpsykologien. Hovudvekta ligg på å få oversikt over psykologiens hovudtradisjonar som praksisdisiplin og vitskap og praksisdisiplin, og utviklinga fram til i dag. Studentane får ei grunnleggjande innføring i forholdet mellom akademisk og anvend psykologi, og den internasjonale og nasjonale framveksten av psykologprofesjonen. Studentane får ei innføring i historiske og fagkritiske perspektiv på psykisk helse, psykologisk behandling og psykiske lidingar, psykologprofesjonens samfunnsrolle og utviklinga av evidensbasert psykologisk praksis. Studentane får også praktisk innføring i akademisk skriving og utforme ei akademisk oppgåve om tema innanfor psykologiens historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten ...

  • greie ut om den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin og profesjon
  • kjenne til psykologiens filosofiske historiske røter, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapleg disiplin
  • greie ut om sentrale namn og bidrag i psykologiens historie, og korleis dei blir vurderte i dag
  • greie ut om psykologiens hovudtradisjonar og framveksten av den nasjonale og internasjonale psykologprofesjonen
  • greie ut om sentrale spørsmål og debattar i psykologiens historie
  • greie ut om historiske perspektiv på psykiske lidingar og psykologisk behandling
  • greie ut om historiske og kritiske perspektiv på psykologprofesjonen og psykologens samfunnsansvar
  • kjenne til referanse- og kjeldebruk i akademisk skriving

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten ...

  • analysere og reflektere kritisk rundt samtidas psykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk kontekst
  • stille seg kritisk og reflekterande til vitskap generelt og til psykologisk kunnskap og profesjonsutøvinga spesielt
  • beskrive kjenneteikn ved psykologiens idéhistoriske røter i filosofi
  • beskrive og diskutere sentrale kjenneteikn ved dei ulike psykologiske (skule-)retningane, samt beskrive likskapar og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
  • beskrive og diskutere sentrale namn og deira bidrag
  • beskrive og diskutere historiske perspektiv på psykiske lidingar og psykologisk behandling
  • kunne skrive ei akademisk oppgåve

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten ...

  • analysere psykologifagets historiske forankringar og derigjennom bidra til nytenking i faget
  • reflektere rundt sentrale problemstillingar innan psykologiens historie,
  • reflektere rundt sentrale problemstillingar i psykologprofesjonens historie
  • beskrive og diskutere historiske perspektiv på psykiske lidingar og psykologisk behandling
  • reflektere kritisk rundt sentrale namn, tradisjonar og spørsmål i psykologiens historie
  • kunne skrive akademiske oppgåver med bruk av ulike kjelder

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjend seminaroppgåve (omfang: 2 500 ord +/- 10-15 %)
Vurderingsformer
48-timars skriftleg heimeeksamen (essay)
Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygginga av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet