Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PRPSYKMET1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kvalitativ metode og djubdeintervju
Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan ...
- gjere greie for ulike kvalitative forskingsmetodar innanfor psykologi
- gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative forskingsmetodar
- gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
- kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
- sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvalitative analysar
- forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvalitativ forsking
- gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og begrensningar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking
- gjere greie for betydninga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt på forholdet mellom intervjuperson og intervjuar
Ferdigheiter
Studenten kan ...
- utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvalitativ forsking
- vurdere kvaliteten på kvalitative undersøkingar
- utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale
- rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
- skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju
Generell kompetanse
Studenten kan ...
- stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvalitativ forsking
- reflektere rundt intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Kvalitativ metode og djubdeintervju
- Gjennomført intervjuøving (obligatorisk oppmøte) og skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)
- Evalueringsøving (obligatorisk oppmøte) og skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.