Døgnrytmar, søvn og åtferd
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi kunnskap om sentrale aspekt ved søvn og døgnrytme, og kva for rolle søvn og døgnrytmar har for yting, åtferd, kognisjon, mental og fysisk helse.
Gjennom forelesningar og øvingar vil studentane verta kjende med korleis søvn og døgnrytmar vert målte - subjektivt og objektivt.
Emnet gir innføring i korleis søvn og døgnrytme vert utvikla gjennom livet, og gir teoretisk og praktisk kunnskap om viktigheita av søvnen på kognitive og fysiske prestasjonar, utvikling, metabolisme, stress og andre hjernefunksjonar. I tillegg vil faktorar som kan påverka søvn (for eksempel vanar, samfunnsmessige faktorar, jobb, trening, narkotikamisbruk og kosthald) òg verta vektlagde.
Kurset vil gi eit oversyn over dei ulike søvnforstyrringane; frå symptom, årsaker og til handsaming. Samspelet mellom psykisk og fysisk helse og søvn vil òg vera sentrale tema. Studentane vil òg verta gitt kunnskap om individuelle skilnadar i søvn og døgnrytme.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal studenten sjølvstendig, utan hjelpemiddel gjera greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innanfor fagfeltet søvn, døgnrytme og åtferd:
Kunnskap:
Studenten kan gjera greie for;
- Korleis søvn og døgnrytme er regulert og korleis dei kan målast - på tvers av arter
- Normal utvikling av og individuelle skilnader i døgnrytme og søvn.
Faktorar som kan påverka søvn og døgnrytme
- Arbeid, kosthald
- Vanar
- Samfunnsrytme
- Trening
- Lys
- Smerte
- Bruk av medikament
- Graviditet
Samspelet mellom helse, døgnrytme og søvn
- Korleis søvn kan påverka utvikling og gangen i psykiske og somatiske lidingar
- Korleis psykiske og somatiske lidingar kan påverka søvn og døgnrytme
- Individuelle skilnadar ved søvn og døgnrytmar
- Søvn, døgnrytmar og utviklingspsykologi
Korleis søvnmangel påverkar yting og helse
- Kognisjon
- Stressrespons
- Metabolisme
- Fysiske prestasjonar
- Skiftarbeid
Søvnforstyrringar
- Insomni, døgnrytmeforstyrringar, hypersomni, søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar, parasomniar, søvnrelaterte rørsleforstyrringar; vurdering, utbreiing, diagnostiske kriterium, klinisk forståing
- Årsaker og konsekvensar
- Førebygging og handsaming
Ferdigheiter:
- Vita korleis ein måler søvn og døgnrytme
- Planleggja og gjennomføra enkle forsøk på søvn og døgnrytme
- Gjera greie for dei vanlegaste søvnforstyrringane, symptom og handsaming
Generell kompetanse:
- Skildra og drøfta sentrale perspektiv på aspekt som påverkar søvn og døgnrytme
- Visa forståing for konsekvensane av dårleg søvn og / eller døgnrytme på yting og åtferd.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet, der 2/3 av oppgåvene må svarast riktig for å bli godkjent.
Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.