Praktisk forskningsmetode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PSYK122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studenten ei innføring i korleis forskingsprosjekt innan psykologi og pedagogikkplanleggjast og gjennomførast. Emnet skal formidle ei forståing for korleis psykologiske og pedagogiske forskingsprosjekt vert førebudde, inklusive relevante teoriar for prosjektet, idear til prosjektet, problemstillingar/hypotesar,praktiske førebuingar, gjennomføring (med tanke på prosedyrer og målinger), eigenoppleving, etiske problemstillingar og avgrensingar/svakheiter med studien.
Innhald:
Emnet Praktisk forskingsmetode skal gje studentane ferdigheiter i å forstå det teoretiske grunnlaget for ein studie, og korleis dette vert omsett til en idé. Vidare vil ein få innsikt i korleis ein idé vert omsett til ein hypotese eller problemstilling. Studentane får kunnskap om korleis ei prosjektsskildring kan sjå ut, får innsikt i praktiske førebuingar til et prosjekt, og korleis datainnsamling finn stad i praksis. Refleksjon kring eigenoppleving knytt til rolla som forsøksperson vil også inngå, inklusive etiske aspekt ved studien.
Læringsutbyte
Kunnskaper:
Studenten...
1) skal kjenne til grunnleggende etiske retningslinjer relevant for psykologisk og pedagogisk forskning
2) kan greie ut om bakgrunnen for ein vitskapleg prosjektide
3) skal kjenne til korleis ei prosjektskildring er bygd opp (struktur) og det typiske innhaldet
Ferdigheiter:
Studenten...
1) kan greie ut om ulike sider ved praktisk gjennomføring av et forskningsprosjekt
2) kan greie ut om datainnsamling i praksis
3) kan reflektere over prosjektdeltaking ut frå rolla som deltakar
Generell kompetanse:
Studenten kan gjere greie for forskingsprosessen frå teori/idé, til praktisk gjennomføring og
datainnsamling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Emnet går hausten 2024
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennomlesning av prosjektbeskriving/protokoll, praktisk deltaking i prosjektet som forsøksperson.
Antal forskingsprosjekt vil variere avhengig av omfanget av prosjekta.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på introduksjonsførelesing (4 timer).
Praktisk deltaking i forskingsprosjekt med tilhøyrande innlevert(e) refleksjonsnotat(er) slik at all aktivitet til saman utgjer minst 130 timar.
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent og er kun gyldige i inneverande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt
kvalitetssikringssystem.